Gropiusstadt er ein drabantby i Neukölln i Berlin. Han ligg mellom dei gamle busetjingane Britz, Buckow og Rudow. I 2002 fekk området status som bydel, underlagt Neukölln. Walter Gropius planlagde og teikna bydelen, som blei bygd på 1960- og 1970-talet. Det har sidan då vore eit sosialt brennpunkt, plaga med kriminalitet og fattigdom.

Drabantbyen er for det meste bygd opp av bustadblokker

Bydelen er mest kjend frå boka og filmen om Christiane Vera Felscherinow (Christiane F.).