Groruddalen er eit dalstrøk i den nordaustlege delen av Oslo. Dalstrøket ligg i det tidlegare Østre Aker sokn i Aker kommune og heitte tidlegare Akersdalen.

Alnabru er eit av dei meir industrielle områda i Groruddalen

Historie endre

På 1800-talet blei det drive med steinhogging i Groruddalen. I byrjinga av hundreåret brukte ein straffangar til arbeidet, men dette enda rundt 1850. I 1900 blei 191 personar registrerte som steinarbeidarar i nærområdet.[1]

Bydelar endre

Fire av bydelane i Oslo ligg i Groruddalen - Bjerke ligg i vest, Alna i sør, Grorud i nord og Stovner i aust.

Busetnad endre

Området har om lag 165 000 innbyggjarar, medan det er over 60 000 arbeidsplassar der. Hovudtyngda av folkesetnaden bur i dalsidene mot nord og sør, mens folketettleiken i midten er noko lågare. Ei storstilt bustadbygging på 1960- og 1970-talet heva folketalet med nesten 70 % mellom 1960 og 1990.

Groruddalen har derimot hatt problem med den høgaste arbeidsløysa i Oslo og lågast utdanningsnivå. Dette er mykje av bakgrunnen til at regjeringa og Oslo kommune saman har sett i gang prosjektet «Groruddalssatsingen», eit tiårsprosjekt som skal medverke til å ruste opp miljøa, og heve livsvilkåra i dalen gjennom satsing på mellom anna kultur og kommunikasjon. Prosjektet starta i 2007.

Kommunikasjon endre

Veg- og banesamband går hovudsakleg langs med dalen. Grorudbanen, som er nytta av T-banelinje 2 og linje 5, Furusetbanen og Europaveg 6 går langs dalen i sør. I dalbotn går Hovudbanen og riksveg 163 (Austre Aker vei). På nordsida går T-banelinje 5, Grorudbanen og riksveg 4 (Trondheimsveien). Det er òg vegsamband og bussar som går på tvers av Groruddalen, men dei kommunikasjonslinjene vert ikkje alltid rekna for å vere fullt tilfredsstillande.

Kjelder endre

  1. Beate Muri . «Granittgrenda Groruddalen». 2018-08-06. Dagsavisen. S. 18-9. Vitja 2018-08-08

Bakgrunnsstoff endre