Gross Schärhorn er ein 3 294 moh høg fjellltopp i Glarus-Alpane i kantonen Uri i Sveits. Fjellet ris opp mellom øvre del av dalen Maderanertal og Klausenpasset. Schärhorn ligg i ei fjellrekke som strekker seg i nordleg retning frå Tödi, andre fjell som høyrer til same fjellrekka er Clariden, Boktschingel og Gemsfairenstock. I vest endar fjellrekka med toppane Chli og Gross Ruchen. Toppen av Chli Schärhorn (3 234 moh) ligg om lag 400 meter vest for Gross Schärhorn.

Schärhorn
fjell
Schärhorn3295m.JPG
Schärhorn sett frå Klausenpass
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 295 moh.
Primærfaktor 514 m ↓  mot Tödi
Koordinatar 46°49′37″N 8°49′45″E
Førstestiging Georg Hoffmann
 - dato 1842

Gross Schärhorn
46°49′37″ N 8°49′45″ E
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Schärhorn

Gross Schärhorn vart klive fyrste gongen i 1842 av Georg Hoffmann, J. Gisler og P. L. Imholz.

Alle greie ruter til topps fører forbi Chammlilücke (2 854 moh), nordaust for fjelltoppen. Derifrå går ein til øvste skaret på austryggen og over på nordsida, så opp på ryggen eller ein går direkte opp på fjellaksla. Vidare går turen over ein brei bergrygg og opp den bratte fjellknausen til høgste punktet.

KjelderEndra