Gross Windgällen

Gross Windgällen er eit 3 187 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjelltoppen høyrer heime i kantonen Uri og ligg på nordsida av Maderanertal, og på sørsida av Schächental. Fjellet dannar hjørnestolpe mot vest i den tunge fjellrekka Gross Windgällen, Wiss Stöckli, Gross Ruchen, Chli Ruchen, Gross Schärhorn, som sett frå nord stuper ned med bratte, mektige bergveggar. Sørvest for fjelltoppen ligg den 2 986 m høge Chli Windgällen. Ved foten av den 900 meter høge nordveggen på Gross Windgällen ligg Seewlisee i 2 028 meters høgde. Med ei flatevidd på ni hektar og ei djupn på 20 meter er det det største naturlege fjellvatnet i kantonen Uri.

Gross Windgällen
fjell
Utsyn frå Arnisee mot Chli Windgällen (fremst) og Gross Windgällen (bakarst)
Land  Sveits
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 187 moh.
Primærfaktor 552 m ↓ Tödi
Koordinatar 46°48′26″N 8°43′56″E / 46.80722°N 8.73222°E / 46.80722; 8.73222
Førstestiging Josef Maria Tresch-Exer
 - dato 1848
Kart
Gross Windgällen
46°48′26″N 8°43′56″E / 46.807222222222°N 8.7322222222222°E / 46.807222222222; 8.7322222222222
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Gross Windgällen

Fyrstebestiging

endre

Fjellet vart klive fyrste gongen i 1848 av ein fjellførar frå Uri, Josef Maria Tresch-Exer, saman med Melchior Tresch. Dermed kunne Tresch-Exer greitt gjennomføre ein planlagd og betalt topptur saman med Georg Hoffmann ti dagar etter fyrstebestiginga.

Normalrute

endre

Windgällenhütte (2032 moh) er eit eigna startpunkt for ein topptur langs normalruta. Ruta fører over den Stäfelfirn til austveggen, forbi denne til nordryggen og langs denne til fjelltoppen. Turen må seiast å vere krevjande.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre