Grotesk er i daglegtale noko som er rart, fantastisk, stygt eller bisart.[1] Det blir òg nytta til å skildra merkelege former som fabeldyr som vasskastarar på kyrkjebygg, komplekse figurar innan litteraturen, ei nemning for skrifttype, og har i tillegg ei rekkje bestemde meiningar innanfor ulike fagområde. Nokre av desse tydingane kan ein òg omtala som groteskeri eller groteskornamentikk.

Moder Jord omkransa av groteskar, i ein freske frå Villa d'Este i Tivoli utanfor Roma.

Ordet «grotesk» kjem frå den same latinske rota som «grotto», i tydinga ei lita grotte eller hòle.[1] Den opphavlege meininga var avgrensa til ein overdriven stil innanfor antikken romersk dekorativ kunst som sidan vart gjenoppdaget og kopiert i Roma i renessansen.[2] «Grottene» var faktisk rom og korridorar i Domus Aurea, det uferdige palasskomplekset som blei byrja av keisar Nero etter den store brannen i Roma i år 64. Domus Aurea gjekk gløymt og blei gjengrodd før det blei gjenoppdaga. Frå italiensk spreidde omgrepet seg til andre europeiske språk, og omgrepet hadde lenge ein tradisjon i å knytast til det arabeske innanfor særskilde former for dekorativt mønster som nyttar element som boga bladverk, og generelt om fantastiske menneske- og dyreframstillingar.[2]

Sidan minst på 1700-talet har grotesk på fransk, tysk og engelsk (og sidan på norsk) blitt nytta som eit generelt adjektiv for det merkelege, fantastiske, stygge, upassande, ubehagelege eller avskyelege, og blir såleis ofte nytta til å skildra merkelege innretningar og forvrengte former, som karnevalmasker. I kunsten, teaterførestillingar og i litteraturen kan likevel grotesk òg referera til noko som på same tid kan gje publikum ei kjensle av ubehag forutan empatisk medlidenheit. Meir bestemt kan groteske former på gotiske bygningar, når dei ikkje er nytta som vassavløp, i tillegg til å kallast gargoylar òg bli kalla groteskar.

Innan kunst endre

 
Fransk nyklassisk grotesk på Fontainebleau frå 1780-talet

Innan kunsten er groteskar ei dekorativ form for arabeskar, typisk veggmåleri, relieff eller veggdekorasjonar, med utstrekt bruk av menneske, dyr og plantar, gjerne spesielle dyrefigurar som fabeldyr. Desse var på moten i Roma i antikken og i renessansen, både som veggdekorasjonar og bokillustrasjonar. I mellomalderen laga ein gjerne illuminerte tekster i bøkene der til dømes fyrste bokstav på ei side var svært grafisk og dekorativ – dette kan ein òg kalla ein grotesk.

Innan typografi endre

Grotesk (òg kalla sans serif) er nemninga på skrifttypar utan seriffar. Namnet blei skapt av William Thorowgood, den fyrste som laga ein grotesk skrifttype med små bokstavar (minuskel), i 1832. Groteske skrifttypar for store bokstavar (versal/majuskel) kan sporast attende til det gamle Hellas, men fanst i moderne tid frå 1816.

Innan litteratur endre

 
Gullmasker under karnevalet i Venezia

Dei tidlegaste skrivne tekstene skildrar groteske hendingar og forferdelege skapningar. Mytisk litteratur er ei rik kjelde på monster; frå einaugde kyklopar i Theogonien av Hesiod til Polyfemos i Odysseen av Homer. Ovid sine Metamorfosar er ei anna rik kjelde for groteske forvandlingar og mytiske hybridvesen. Horatius sin Den poetiske kunsten gjev ei formell innleiing til klassiske verdiar og farene ved det groteske eller blandingsformer.

 
Frankensteins monster, 1910

Litterære tekster av ulike blandingssjangrar, som farsar eller pantomimar, er tidvis kategoriserte som groteske.[3] Gotiske tekstar har ofte groteske komponentar med omsyn til figurar, stil og plassering. I andre tilfelle kan miljøet som er skildra vera grotesk, – om det er urbant, som hjå Charles Dickens, eller som i den delen av amerikanske sørstatslitteraturen som blir kalla for sørstatsgotikk. Det groteske i litteraturen har blitt undersøkt i høve til sosiale og kulturelle formasjonar som karnevalelement hjå François Rabelais og Mikhail Bakhtin. Den amerikanske litteraturforskaren Terry Castle har studert tilhøvet mellom metamorfose, litterær skriving og maskerade.[4]

Ei anna betydeleg kjelde for det groteske er satiriske skrifter frå 1700-talet. Jonathan Swift sine Gullivers reiser gjev ei rekkje tilnærmingar til grotesk representasjon. I poesi gjev tekstene til Alexander Pope mange døme på det groteske.

Victor Hugo si Ringaren i Notre Dame handlar om ein av dei mest karakteristiske litterære groteske skikkelsane. Quasimodo, ringaren med pukkelryggen, blir framstilt som ein figur med grotesk utsjånad, men som har eit sympatisk vesen når ein blir kjent med han. Doktor Frankensteins monster kan òg vurderast som grotesk, på lik linje med Operafantomet og Venleiken og uhyret. Andre døme som kan nemnast er det romantisk-groteske hos Edgar Allan Poe, E.T.A. Hoffmann, i den tyske rørsla Sturm und Drang på slutten av 1700-talet og i Tristram Shandy av Sterne. Groteskane i romantikken er generelt langt meir forskrekkelege og mørke enn dei frå mellomalderen, som feira latter og fruktbarheit.

Sørstatsgotikken blir ofte identifisert med det groteske, og William Faulkner blir ofte nemnd som den fremste representanten. Flannery O'Connor si novelle «A Good Man Is Hard to Find», frå 1955 handlar om ein som ikkje passar inn, ein seriemordar som opplagt er ein lemlesta sjel, fullstendig ufølsom for menneskeleg liv, men driven av jakta på sanninga. Eit anna hyppig sitert døme på det groteske frå forfattarskapen til O'Connor er novella «A Temple Of The Holy Ghost» frå 1955, der spørsmålet blir stilt om ein hermafroditt på ein katolsk jenteskule er ein del av Guds plan. Den amerikanske forfattaren Raymond Kennedy blir òg knytt til den litterære tradisjonen med det groteske.

Innan arkitektur endre

 
Grotesk på University of Chicago

Desse skulpturane blir ofte blanda saman med vasskastarar, men groteskane er ikkje laga for å leia vatn. Denne skulpturtypen blir òg kalla chimera.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Oppslagsordet «grotesk» i Det Norske Akademis ordbok
  2. 2,0 2,1 Bokmålsordboka: «Grotesk»
  3. Harham, Geoffrey Galt (1982): On the Grotesque. US: Princeton University Press.
  4. Castle, Terry (1986): Masquerade and Civilization. Methuen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grotesk