Opna hovudmenyen

Grue Finnskog kyrkje

kyrkje i Grue i Hedmark

Koordinatar: 60°25′6″N 12°24′22″E

Grue Finnskog kyrkje
kyrkje
Grue Finnskog kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Grue
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Grue Finnskog
Fellesråd Grue
Arkitekt Niels Stockfleth Darre Eckhoff (1886), Ola B. Aasnes (1950)
Material Tre
Innvigd 8. desember 1886 (26. november 1950)
Tårn I vest
Klokker 2, Bochumer Verein, 1886
Preikestol 1886 (teikna av Eckhoff)
Døypefont 1886
Altartavle Cecilie Dahl i 1897, i kopi e. Carl Henrich Bloch
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1957
Sitjeplassar 340
Wikimedia Commons: Grue Finnskog kirke

Grue Finnskog kyrkje er ei langkyrkje frå 1886 i Svullrya i Grue kommune i Hedmark fylke. Kyrkja heitte tidlegare Revholt kapell.

Det kom kyrkjegard på staden i 1854. I 1862 vart det bygd eit lite kapell (innvigd 4. mars 1863), som vart rive i 1883. Ny kyrkje (kapell) vart teikna av Niels Stockfleth Darre Eckhoff og innvigd i 1886. 28. januar 1948 raste mykje av kyrkja saman på grunn av store snømengder. Kyrkja vart deretter gjenreist etter teikningar av Ola B. Aasnes og innvigd i 1950.

Det har tidlegare òg vore gravplassar ute på nokre holmar i innsjøen Røgden.

LitteraturEndra

  • Collett, John Peter (1978). Kirke og menighet i Grue gjennom 150 år. Grue kirke 1828-1978. Grue menighetsråd. s. 189-191, 271-274 og 377-379. ISBN 82-7104-041-3. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 626. ISBN 82-75-27022-7. 
  • Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 140-141. ISBN 82-521-4500-0. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne Hedmarkartikkelen som har med kyrkje å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.