Opna hovudmenyen
Guanako
Guanako
Guanako
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av guanako
Utbreiinga av guanako
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kamelfamilien Camelidae
Slekt: Lama
Art: Guanako L. guanicoe
Vitskapleg namn
Lama guanicoe

Guanako (Lama guanicoe) eller huanaco er eit partåa klauvdyr i kamelfamilien. Guanakoen er i slekt med vikunjaen og lamaen. Ein reknar med at den tamme lamaen stammar frå den ville guanakoen.

SkildringEndra

Guanakoen har raudbrun, tjukk pels med ljosare mageparti. Dyra blir cirka 2 meter lange og har ei skulderhøgd på 1,1 m; hannane blir noko større enn hoene. Eit vakse dyr veg mellom 100-120 kg. Guanakoane lever saman i flokkar på rundt tjue dyr med éin leiarhann.

Guanakoen treng svært lite vatn og lever i turre grasområde i Sør-Amerika, heilt opp til 4000 moh. Leveområdet strekkjer seg frå dei sørlege Andesfjella i Peru heilt ned til øygruppa Eldlandet på sørspissen av kontinentet. Dei fleste finst i dag i argentinsk Patagonia.

Tidlegare har det vorte drive mykje jakt på guanakoen på grunn av skinnet og kjøtet. Dei har også fått sterkt avgrensa leveområde på grunn av aukande beiteområde for storfe, men er i dag verna av fleire nasjonalparkar i Sør-Amerika, t.d. Alberto de Agostini nasjonalpark og Torres del Paine nasjonalpark, begge i Chile.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Guanako