Guaviare-departementet

Guaviare er eit av dei 32 departementa som saman med Bogotá hovudstadsdistrikt gjer ut for republikken Colombia. Departementet ligg i det sentrale området av landet innanfor amazonasregionen. Det grensar til nabodepartementa Guainía, Vaupés, Caquetá, Meta og Vichada. Hovudstaden heiter San José del Guaviare. Andre byar er El Retorno og Miraflores. Departementet er delt inn i fire kommunar. I 2018 var folketalet vel 73 000.[1] Guaviare er blant dei fem minst folkesette departement og med minst tettleik av populasjonen i landet.

Guaviare
Departement
Land  Colombia
Koordinatar 1°54′N 72°10′W
Hovudstad San José del Guaviare
Areal 53 460 km²
Folketal 73 081
Folketettleik 1 / km²
Kart
Guaviare-departementet
1°58′0″ N 71°55′0″ W
Wikimedia Commons: Guaviare Department
Nettstad: http://www.guaviare.gov.co

Skildring endre

 
Luftfoto av hovudstaden i Guaviar-departementet
 
Solnedgang i San José del Guaviar
Foto: Elberth Andrés

Historie endre

Utnytting av naturressursar var motivasjonen for koloniseringa av Guaviare. Dette inkluderte utvinning av balata, kautsjuk, handel med villdyrskinn, sal av innfødde plantar frå regionen, fangst av prydfisk og ulovleg dyrking av koka. Departementet vart oppretta den 4. juli 1991 av den nye politiske grunnlova i Colombia. Før det var området eit nasjonalt territorium med status som eit kommissariat, skilt frå det dåverande Vaupés kommissariat i 1977.

Den 3. juli 2008 gjennomførde den colombianske nasjonale hæren ein aksjon i Guaviare, dei frigjorde den kidnappa colombiansk-franske politikaren Ingrid Betancourt, tre nordamerikanarar og elleve colombianske militære og politi frå fangenskap hos FARC, i ei antatt avtalt humanitær fangeutveksling.

Geografí endre

Flate eller svakt kuperte landskap dominerer i departementet, og dei fleste som del av Amazonas, bortsett frå ei stripe i nord. Nokre fjellsystem skil seg ut, og blant dei er Chiribiquete-fjella, og nokre med høgder nær 800 meter over havet. Jordsmonnet er ganske sandhaldig.

Området er del av begge dei to store bassenga i nordlege Sør-Amerika. Nedslagsfeltet i nord drenerer austover til Orinoco gjennom sideelvene til elva Guaviare, med kjelder i fjellkjeda der gult vatn dominerer, rikt på mineralnæringsstoff og fiskerikt. Der er òg «svartvasselver» og andre vassystem i dette bassenget, den viktigaste er elva Inírida med sideelver.

Nedslagsfeltet i sør er del av Amazonasbassenget, med opphav i regnskog, elver der «svart» eller «krystallinsk» vatn dominerer. Dei har lågt innhald av mineralnæringsstoff og er mindre fiskerike. Her kan nemnast elvene Apaporis, Tunía eller Macayá, og dei to som dannar kjeldene til elva Vaupés, elvene Itilla og Unilla.

Klima endre

Området ligg i overgangen mellom periodisk fuktige savannar i Orinoquía naturregion og den fuktige i Amazonas ekvatorialjungel, med ein tørr sesong i månadene frå desember til februar, og regnvêr resten av året. Årleg nedbør varierer frå 2000 til 3500 mm. Temperaturen på dagtid når 25 ° til 30 °C, og fell om natta til og med 12 °C mellom juli og august.

Økonomi endre

Økonomien til Guaviare-departementet er basert på landbrukssektoren. Den viktigaste avlinga dei siste 25 åra fram til 2013 var likevel kokablad,[2] ei avling som er erklært ulovleg av den colombianske staten, noko som har ført til samanstøytar mellom offentlege colombianske styrkar som ønsker å utrydde verksemda og grupper som søker kontroll over denne ulovlege aktiviteten. Legale verksemder etter tyding er husdyrhald og fiske, og deretter dyrking av bananar, yucca, kakao, mais, ris, palmen Bactris gasipaes og eit utval av frukter.

Nasjonalparken Chiribiquete med sin bergkunst og karakteristiske tepuiar ligg dels i sørvestlege Guaviare. Heile Nukak naturreservat ligg innanfor departementet. I 2020 blei det kjent at eit område med nær 12 000 år gamle helleristingar var undersøkt og skildra i Serranía colombiana de La Lindosa, sentralt i Guaviare-departementet.[3][4]

Kjelder endre

Referansar
  1. «Resultados Censo Población y vivienda 2018» (PDF). Henta 13. desember 2020. 
  2. «Colombia Censo de Cultivos de Coca 2013» (PDF). United Nations Office on Drugs and Crime, UNODC. Henta 13. desember 2020. 
  3. Julie Haugen Egge (12. desember 2020). «Unike bilder antyder at folk levde sammen med utdødde megapattedyr». Henta 20. desember 2020. 
  4. Marina Sardiña (8. desember 2020). «Colombia: polémico descubrimiento de arte rupestre de la Edad de Hielo» [Colombia: kontroversiell oppdaging av bergkunst frå istida] (på spansk). Henta 20. desember 2020.