Gud frede om vårt fedreland

«Gud frede om vårt fedreland» er ein nasjonalsalme forfatta av den finske diktaren Johan Ludvig Runeberg (med tittelen «Fosterlandet» eller «Bevara, Gud, vårt fosterland»). Hymna er omsett til norsk av Rasmus Flo.

Rasmus Flo si omsetjing er trykt i Bernt Støylen si Songbok for sundagskule og oppbyggjingsmøte (1906). Salmen vart sidan trykt med sju vers som nr 618 i Nynorsk salmebok (1925). Av desse er vers 1-2 og 5-7 tekne med i ei omarbeidd attdikting i Norsk Salmebok, der salmen står på nr 736. I framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja er det foreslått å gjere «Gud frede om vårt fedreland» til dublett ved at bokmålsversjonen «Du Herre, som er sterk og stor» vert teken inn.[1] Bokmålsteksten er omsett av Nordahl Rolfsen og vart brukt i Landstads reviderte salmebok.

I Nynorsk salmebok er meloditilvisinga ein «eigen tone» eller «Gud haldt oss oppe ved ditt ord». Melodien som er nytta i Norsk Salmebok nr. 736, er komponert av Edvard Grieg i 1894/95.

Tekst endre

Gud frede om vårt Fedreland:

Etter Nynorsk salmebok (1925)

1.

Gud frede um vårt fedreland,
Haldt yver det di sterke hand!
Ver du vår skjold i fred og strid,
I medgangs og i motgangs tid.

2.

Her ser me det oss hugar best,
Her hev me det me elskar mest.
Her er det landet som me ber
I hug og tanke kvar me fer.

3.

Her federne har havt sitt sitt bu,
Sitt arbeid og si von, si tru;
Her fekk me huset etter deim
Med same liv i same heim.

4.

Gud signe kvar ei trufast sjel
Som landet vil av hjarta vel,
Men den som øyda vil vår fred,
Slå honom i din velde ned!

5.

Lat landet stødt få vera ditt
Og vera trygt og vera fritt,
I samhald sterkt og rikt på råd,
Lat Anden din for styret stå!

6.

Frå myrker hev du lyft det upp
Som blomen sprett or knytte knupp,
So bed me i ditt kjære namn,
lat det i ljos få veksa fram!

7.

Men ljoset er ditt eige ord,
Ei sol for himmel og for jord;
Lat det i all sin glans få stå
Og aldri meir ifrå oss gå!

Kjelder endre

  • Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte (1925)
  • P.E. Rynning (1954): Salmediktingi i Noreg Det norske Samlaget
Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Gud frede om vårt fedreland ved Wikisource (sv).