Guden Merkur

romersk gud

Mercurius, kalla Merkur på norsk, var ein romersk gud. Han var særleg viktig for handel og vinning, og namnet hans kjem truleg frå dei latinske orda merx eller mercator, som tyder kjøpmann. Han fekk òg mange av kjenneteikna til den greske guden Hermes, som høg fart og skor med venger. Merkur var ein svært populær gud, og germanarane likna han gjerne med sin gud Wodan, eller Odin.

Merkurtempel på toppen av Puy de Dôme-fjellet i Massif Central

Eit tempel til Merkur vart bygd i Circus Maximus i 495 f.Kr. Dette passa bra til guden for handel og fart, ettersom ein både dreiv mykje handel her og feira fart ved å halda veddeløp her.

Merkur har mykje til felles Hermes frå gresk mytologi og Turms som etruskarane trudde på. Mange av dei mytologiske skildringane og dikta som er skrive om Merkur kunne like gjerne vore skrivne om, og var truleg mest inspirert av, Hermes.

Merkur har gitt namn til planeten Merkur, som ligg nærast sola og er liten og rask. På mange språk har han òg gitt namn til kvikksølvet.