Guden Saturn

romersk gud

Saturn var den romerske guden for jordbruk, særleg såing. Han var først ein relativt uviktig gud for dei fleste romarane, men populariteten voks då han blei identifisert med greske guden Kronos, og plutseleg blei ein tidlegare gudekonge. Saturn overtok fleire av mytane kring Kronos. Laurdagen er kalla opp etter han i mange kulturar, til dømes engelsk Saturday.

Romersk relieff av Saturn med sigd.

Høgtida til Saturn var Saturnalia, som fann stad frå 17. desember og utover. Eit tempel til Saturn, som er eitt av dei eldste templa i Roma, låg i Forum Romanum.

Saturn var gift med anten gudinna Ops eller Magna Mater. Han var far til Jupiter, Ceres, Juno, Veritas og mange fleire. Ei legende seier at han vart jaga heimanfrå av Jupiter og måtte søka tilflukt hos Janus i Latium. Der lærte han innbyggjarane å dyrka jorda og laga vin, og introduserte ein gullalder av fred, rikdom og lykke for dei. Saturnalia vart feira for å minnast denne tida. Legenda var opphavleg fortald om greske Kronos, men skal òg ha vore brukt som forklaring på korleis Saturn kom frå Hellas til Romarriket.

Saturn var rekna som far til dei same gudane som greske Kronos. I tillegg var han far til Veritas.

Bakgrunnsstoff endre