Opna hovudmenyen
Plasseringa av Guizhou i Kina.

Guizhou er ein provins i dei sørlege, midtre delar av Folkerepublikken Kina. Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, samt provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 37,96 millionar. Guiyang er hovudstad i provinsen.

Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.

Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.

Innhaldsliste

GeografiEndra

Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.

 
Eit trommetårn i ein dong-landsby i Zhaoxing, sør i Guizhou

KlimaEndra

Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.

DemografiEndra

Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.

55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.[1]

ØkonomiEndra

Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer.[2] Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.[2]

AdministrasjonseiningarEndra

Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:

Kart # Namn Hanzi (S) Pinyin Administrasjonssete
 
Byprefektur
2 Zunyi 遵义市 Zūnyì Shì Honghuagang
4 Liupanshui 六盘水市 Liùpánshuǐ Shì Zhongshan
6 Guiyang 贵阳市 Guìyáng Shì Yunyan
5 Anshun 安顺市 Ānshùn Shì Xixiu
Prefektur
1 Bijie 毕节地区 Bìjíe Dìqū Bijie
3 Tongren 铜仁地区 Tóngrén Dìqū Tongren
Autonome prefektur
7 Qianxinan for buyei og miao 黔西南布依族苗族自治州 Qiánxī'nán Bùyīzú
Miáozú Zìzhìzhōu
Xingyi i Guizhou
8 Qiannan for Buyei og miao 黔南布依族苗族自治州 Qiánnán Bùyīzú
Miáozú Zìzhìzhōu
Duyun i Guizhou
9 Qiandongnan for miao og dong 黔东南苗族侗族自治州 Qiándōngnán Miáozú
Dòngzú Zìzhìzhōu
Kaili i Guizhou

Dei ni einingane er delt opp i 98 einingar på fylkesnivå, som i sin tur er delt opp i til saman 1 543 einingar på kommunenivå.

HistorieEndra

Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.

Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Heather Kathleen Mary Terrell (May 2005). «Fertility in China in 2000 : A County Level Analysis (thesis, 140 p.)» (PDF). Texas A & M University. Henta 27. november 2010. 
  2. 2,0 2,1
    «Market Profiles on Chinese Cities and Provinces : Guizhou Province». Hong Kong Trade Development Council (HKTD)/Guizhou Statistical Yearbook 2008. January 2009. Henta 27. november 2010.