Opna hovudmenyen

Gulafjorden er ein fjordarm av Sognesjøen og Sognefjorden i Gulen kommune med ei lengd på 22 km frå vest til botn av Austgulfjorden.

Fjorden har innløp på sørsida av Hiserøyna og nordsida av Vassøyna går generelt austover. Delen av fjorden sør for Hiserøyna heiter Stemnebøosen. På austsida av Hiserøyna går Folefotsundet og Nyhammarsundet nordover til Sognesjøen. Rett aust for Folefotsundet ligg øya Fonna midt i fjorden og på nordsida her ligg tettstaden Eivindvik, kommunesenteret i Gulen, og Gulatinget. Rett aust for Fonna ligg Klokkeidneset på sørsida og her ligg innløpet til Eidsfjorden, som strekkjer seg 10 km rett sørover.

Nord for Klokkeidneset ligg Guløya, og frå her og austover til Øskjeneset vert fjorden kalla Svadberghavet. Ved Øskjeneset deler Gulafjorden seg i to fjordarmar, Nordgulfjorden, som går nordover, og Austgulfjorden som går vidare austover. Innløpet til Austgulfjorden heiter Leversundet og over her kryssar riksveg 57 fjorden.

Det ligg fleire lakseoppdrettsanlegg i fjorden.