Gullaugepoteter

Gullauge er ein potetsort som spesielt er dyrka i Nord-Noreg og Island.

Han er rekna som ein gourmetpotet. Gullauge er ein smaksrik, mjølen potet med mddels fast struktur. Kjøttfargen er sterk gul. Knollane er oftast små.

Opphavet er ukjend; truleg kom han til Nord-Noreg med svenske rallarar rundt førre hundreårsskifte.

Gullauge er svært svak mot tørråte.

Beskytta opphavsnemningEndra

«Gulløye fra Nord-Norge» er beskytta opphavsnemning for Gullauge dyrka i Noreg nord for polarsirkelen.

KjelderEndra