Gullhesten filmfestival i Taipei

(Omdirigert frå Gullhest-prisen)

Gullhesten filmfestival i Taipei (kinesisk 台北金馬影展, pinyin Táiběi Jīnmǎ Yǐngzhǎn) er ein filmfestival og prisutdeling som blir halden årleg på Taiwan. Prisen blei grunnlagd i 1962 av Informasjonsdepartementet på Taiwan. Prisutdelinga føregår vanlegvis i november eller desember i Taipei, men seremonien har også føregått andre stader på øya.[1]

Pristildelinga er Taiwan sitt svar på Oscar-prisen. Prisen kan gå til kinesiskspråklege filmar frå Taiwan, Hongkong, Folkerepublikken Kina eller andre stader. Han er ein av fire store kineiske filmprisar, saman med Hong Kong-filmprisen, Gullhaneprisen og Hundre blomar-prisen. Han er også ein av dei større årlege prisane delte ut på Taiwan, i lag med Gullklokke-prisen for fjernsynsproduksjonar og Gullmelodi-prisen for musikk.

Historie endre

Gullhest-prisen blei skipa i mai 1962 gjennom den taiwanske loven 'Mandarin-filmprisreguleringa av 1962'. Namnet Gullhesten (金馬) kjem frå namna til dei taiwanske øyane Kinmen () og Matsu ().[2]

Pristildelinga blei skipa for å støtta den kinesiskspråklege filmindustrien og anerkjenna framifrå kinesiskspråklege filmar og filmskaparar. Ho er også meint å presentera framifrå filmar til eit taiwansk publikum.[2]

Sidan 1996 har filmar frå Folkerepublikken Kina vore tilletne i utdelinga. Slike filmar og filmskaparar har vunne fleire prisar, som Jiang Wen sin In the Heat of the Sun i 1996, Xia Yu som beste mannlege skodespelar i 1996, Joan Chen sin Xiu Xiu: The Sent Down Girl i 1999, Qin Hailu som beste kvinnelege skodespelar i 2001 og Lu Chuan for Kekexili: Mountain Patrol i 2004.

Rekordar endre

  • Hongkong-skodespelaren Tony Leung Chiu-wai har vunne flest prisar for beste mannlege skodespelar. Han vann denne prisen ved den 31., 40. og 41. tildelinga for roller i Chungking Express, Infernal Affairs og Lust, Caution.
  • Hongkong-skodespelaren Maggie Cheung har vunne flest prisar for beste kvinnelege skodespelar. Ho vann denne prisen ved den 26., 28., 34. og 37. tildelinga for roller i Full Moon in New York, Center Stage, Comrades: Almost a Love Story og In the Mood for Love.
  • Den taiwanske skodespealren Loretta Yang vann prisen for beste kvinnelege skodespelar ved den 21. og den 22. tildelinga. Ho var den fyrste som vann denne prisen i to år på rad.
  • Hongkong-skodespelaren Jackie Chan vann prisen for beste mannlege skodespelar ved den 29. og 30. tildelinga. Han var den første som vann denne prisen i to år på rad.
  • Den kinseiske regissøren og skodespelaren Joan Chen er den fyrste personen som har vunne prisar i to ulike kategoriar, beste regissør (i 1998 for Xiu Xiu: The Sent Down Girl) og beste kvinnelege skodespelar.
  • I 2015 blei den taiwanske skodespelaren Karena Lam den fyrste personen til å vinna tre ulike skodespelarprisar: Beste kvinnelege skodespelar, beste kvinnelege birolle og beste nykomar.

Kjelder endre

  1. Sui, Cindy. «The glamour and drama of the Oscars of Asia». Henta 11. juni 2019 – via www.bbc.com. 
  2. 2,0 2,1 «About Us: Introduction». Taipei Golden Horse Film Festival. Arkivert frå originalen 31. mai 2013. Henta 18. april 2013.