Gulpesnipe

fugleart
(Omdirigert frå Gulpesniper)
Gulpesnipe
Gulpesnipe, Pluvianellus socialis Foto: Alastair Rae
Gulpesnipe, Pluvianellus socialis
Foto: Alastair Rae
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Gulpesnipe
Utbreiinga av Gulpesnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Pluvianellidae
Slekt: Pluvianellus
Art: Gulpesnipe P. socialis
Vitskapleg namn
Pluvianellus socialis

Gulpesnipe (Pluvianellus socialis) er ein sjeldan og særeigen vadefugl som berre finst i det sørlegaste Sør-Amerika. Gulpesnipa er no plassert i sin eigen biologiske familie, Pluvianellidae i ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artsnamnet på norsk kjem av at vaksne fuglar kan gulpe opp føde til ungane, dette er unikt for vadefuglar.

Denne arten er ikkje ein langdistansemigratant, sjølv om enkelte fuglar trekk lengre nord i det sørlege Argentina om vinteren. Arten hekkar i innlandet, deretter flyttar fuglane ut til kysten, og spesielt til elvemunningar om vinteren. Gulpesnipe har likskap med steinvendar i struktur og i levemåte, men han kan ikkje forvekslast med andre vadefuglartar. Oversida og brystet er lysegrå, og resten av undersida er kvit. Gulpesnipa har korte, raudfarga bein, svart nebb og raude auge. Ungfuglar har gulaktig farge i auge og bein, og fjørdrakta er grå med gradert tone. Ropet frå denne arten liknar lyden av duer.

Gulpesnipa hekkar nær vatn, gjerne ved saltsjøar, men det er rapportert om reir nær elvar òg. Para forsvarer territorium og begge foreldra deler på ruginga. Hoa legg to store egg på bakken, men vanlegvis er det berre ein unge som veks opp frå kvart kull. Eit unikt aspekt ved åtferda og fysiologien er metoden for å mate ungane. Ungane får nokre gonger føde som dei vaksne har lagra i kroa og gulpar opp.[1]

Føda er små virvellause dyr som dei plukkar frå bakken eller som dei finn under småstein. Det har vore observert at dei samlar mark i nebbet på ein liknande måte som lunden samlar småfisk.[2]

Arten var lenge plassert saman med loer i familien Charadriidae, men molekylære studiar tyder på at dei er knytt tettare til slirenebbar, den unike familien for Antarktis-regionen.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Ferrari, Silvia; Imberti, Santiago & Albrieu, Carlos (2003). «Magellanic Plovers Pluvianellus socialis in southern Santa Cruz Province, Argentina» (PDF). Wader Study Group Bulletin 101: 1–7. 
  2. Kampf, Ruud (1996). «A note on the feeding behaviour of Magellanic Plover Pluvianellus socialis». Wader Study Group Bulletin 80: 78. 
  3. Paton, Tara; Bakera, Allan J.; Groth, Jeff G. & George F. Barrowclough (2003). «RAG-1 sequences resolve phylogenetic relationships within charadriiform birds». Molecular Phylogenetics & Evolution 29 (2): 268–278. doi:10.1016/S1055-7903(03)00098-8.