Gunhild Anundsdotter

Gunhild Anundsdotter, også kalla Gyda Anundsdotter, var ei svensk kongsdotter og dansk dronning på 1000-talet. Leveåra hennar er ikkje kjende, men ho levde under kong Emund den gamle sitt styre på 1050-talet. Saxo Grammaticus kallar henne iblant Guda eller Gyda.

Gunhild Anundsdotter
Fødd11. hundreåret
Død1048
Danmark
TittelDronning av Danmark
Regjeringstid1048–1049
FøregangarEmma av Normandie
Alle titlarprinsesse, kongegemalinne, Dronning
Hus eller slektMunsöætten
LandSverige
MorGunhild (usikkert)
FarAnund Jakob
EktefelleSven Estridsson

Gunhild blei gift med Sven Estridsson, men ekteskapet blei oppløyst på grunn av for nære blodsband. Ho levde deretter som om ho var enke, og vigde seg til saum og gjestmilde. Av dei meir enn 20 barna til Sven Estridssons veit ein ikkje om nokre som var med Gunhild.

Biografi endre

I Adam av Bremen si soge om Emund den gamle, og korleis han sende i veg Adalvard den eldre frå erkestiftet Hamburg-Bremen, blir det også fortalt korleis die på vegen heim etter å ha passert «fjelltraktene i Sverige» kom til ei «helgenlik» dronning Gunhild, som var skild frå kongen av danane ettersom dei var for nært i slekt. Ho budde no utanfor Danmark og vigde seg til fromma verke.[1] Saxo Grammaticus oppgjev liknande opplysingar, men kallar henne for Guda eller Gyda.

Adam av Bremen skreiv at ei Gunhild var enke efter Anund, og at ho ikkje måtte forvekslast med ei «Gude» som blei drepen av Thora.[2] Hans Gillingstam meinte at dette var ei anna Gunhild, og at det altså fanst fleire moglege forvekslingar.[3]

 
Ruinen etter Gudhems kloster, som Gunhild etter sogene skal ha grunnlagt.

Ifølgje opplysingar som fyrst blei skrivne ned av Johannes Magnus skal Gunhild som enkedronning ha grunnlagt Gudhems kloster då ho vende tilbake til godset sitt i Västergötland frå Danmark i 1052. Gudhem skal ha tilhøyrd hennar gardar. Sjølve klosteret i Gudhem blei i røynda grunnlagt hundre år seinare.[4]

Kjelder endre

  1. Adam av Bremen, bok 3, kapitel 15. Side 140
  2. Adam av Bremen, bok 3, skolion 66. Side 189
  3. Hans Gillingstam. «Gunhild». Svenskt biografiskt lexikon. Henta 27 november 2012. 
  4. Markus Hagberg i Hagberg (2009)
Bibliografi