Gunhild Følstad

norsk fotballspelar

Gunhild Bentzen Følstad (fødd 3. november 1981) er ein tidlegare fotballspelar frå Overhalla i Nord-Trøndelag. Som klubbspelar for Trondheims-Ørn vann ho to seriegull, 2001 og 2003, og eitt cupgull, 2001. Ho spelte 76 landskampar for Noreg i tida 2003-08 og fekk med seg EM-sølv i 2005.

Gunhild Følstad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1981 (42 år)
Namsos
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2007

Klubbspel endre

I 2000 flytta Følstad til Trondheim og melde seg til teneste for Trondheims-Ørn. Perioden 2001-08 spelte ho fast på midtstoppar-plass for Ørn. Allereie i sin fyrste heile sesong tok klubben dobbel-triumf, med siger i både serie og cup. Etter bronsemedalje i 2002, vann Følstad sitt andre seriegull i 2003. Sidan fekk ho med seg sølvmedaljar i serien i både 2004 og 2006.

Landslagsspel endre

Ho debuterte for Noreg 2. august 2003 i Ålesund. Landskampen mot Nigeria enda med heimesiger 3-2, Følstad kom då innpå som innbytar etter at Trine Rønning hadde vorte matchvinnar. Ganske snøgt fekk Følstad fast plass i den norske fyrste-ellevaren, alltid som sideback. I 2005 vann ho EM-sølv under europameisterskapen i England, finalen i Blackburn enda med 1-3-tap for Tyskland. To år seinare spelte ho bronsefinale i VM 2007, i Shanghai tok USA tok bronsen med 4-1. Følstad var fast på landslaget til ho la opp etter 2008-sesongen. Ho skåra sitt einaste landslagsmål då ho i mai 2006 fastsette sluttresultatet 3-0 i kampen Noreg-Serbia.

Merittar endre

  • EM-sølv 2005 med Noreg
  • Seriemeister 2001 og 2003 med Trondheims-Ørn
  • Cupmeister 2001 med Trondheims-Ørn

Kjelder endre