Eirikssønene

(Omdirigert frå Gunhildssønene)

Eirikssønene var sønene til Eirik Blodøks og kona hans, Gunnhild Ossursdotter. Dei er også ofte skildra som Gunnhildssønene, sidan Gunnhild var kjend som den eggande drivkrafta bak dei.

«Gunnhild eggjar sønene sine.» Illustrasjon til Eirikssønenes saga i Heimskringla. Teikning av Christian Krogh

Eirik Blodøks fall i eit slag i England i 954.

Eirikssønene under leiing av Harald Gråfell utfordra fleire gonger kong Håkon den gode si makt over Noreg. Det siste forsøket deira resulterte i nederlaget ved Fitjar ved om lag år 959, der hæren til kong Håkons hær sigra, men kongen sjølv fekk banesår. Kong Håkon erklærte på dødsleiet sitt at Harald skulle få kongedømet hans dersom han lova å vere god mot venene og frendane til kong Håkon. Eirikssønene fekk slik kongedømet Noreg under seg.

Kongedømet dei regjerte over var aldri større enn Vestlandet, men dei hevda overherredøme over og kravde skattar frå dei andre småkongane og jarlane i Noreg.

Eirikssønene var:

  1. Gamle Eiriksson, fall i slaget ved Rastarkalv i 955
  2. Guttorm Eiriksson, fall i slaget ved Avaldsnes i 953
  3. Harald Gråfell, kong Harald II av Noreg, død 969
  4. Ragnfrød Eiriksson, død 982
  5. Erling Eiriksson, død 963
  6. Gudrød Eiriksson, død 966
  7. Sigurd Sleva, død 964
  8. Ragnvald Eiriksson, død om lag 940

Sjå òg

endre