Gunnar Eriksson
Krång Erik Gunnar Eriksson (3. januar 1921–8. juli 1982) var ein svensk langrennsløper som vart verdsmeister på femmila under Ski-VM 1950 i Lake Placid i USA. Han vart både fødd og døydde i Mora i Dalarna.
Gunnar Eriksson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. januar 1921 Mora |
Død | |
Yrke | langrennsløpar |
Eriksson tok bronse på 18 km under Vinter-OL 1948 i St. Moritz i Sveits, då svenskar vann alle medaljane, men han han var langt bakom både olympiameisteren Martin Lundström og Nils Östensson. Saman med dei same to og Nils Täpp tok Eriksson gull for Sverige på 4 x 10 km stafett, med nesten ni minuttars forsprang til sølvlaget frå Finland.
Under Ski-VM 1950 vart Eriksson verdsmeister på 50 kilometer, framom landsmennene Enar Josefsson og Nils «Mora-Nisse» Karlsson.
Erikson vart nummer 12 på femmila under Vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 15 på den nye meisterskapsdistansen over 30 km i si siste store meisterskapstevling, på svensk heimebane under ski-VM 1954 i Falun.
Eriksson vart aldri individuell svensk meister, men både i 1945 og 1950 gjekk han startetappen då IFK Mora vart stafettmeistrar. Ved begge høva gjekk Anders Törnkvist og Nils Karlsson dei to andre etappane.
Kjelder
endre- P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, 1957
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Eriksson» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2012.