Regjeringa Knudsen I, Gunnar Knudsen si første regjering var ei norsk regjering som sat frå 19. mars 1908 til 2. februar 1910.[1] Regjeringa vart utnemnd i statsråd 18. mars 1908 samstundes med at Regjeringa Løvland vart innvilga avskjed.

Regjeringa var ei mindretalsregjering gått ut frå Venstre med støtte frå Arbeiderdemokratene. Ho søkte avskjed 27. januar 1910, dette vart innvilga i statsråd 1. februar og regjeringsskiftet fann stad 2. februar, da Regjeringa Konow tiltredde.

Namn Parti Frå Til
Statsminister
Sjef for Finansdepartementet
Sjef for Revisjonsdepartementet  
Gunnar Knudsen   V        
Utanriksminister   Wilhelm Christophersen   V        
Statsråd i Namn Parti Frå Til
Handelsdepartementet    Lars Abrahamsen   V        
Justisdepartementet   Johan Castberg   DFNA        
Forsvarsdepartementet   Thomas Heftye   V      11. april 1908  
   Haakon Ditlef Lowzow   V   11. april 1908   20. august 1909  
   August Spørck   V   20. august 1909     
Kyrkjedepartementet   Karl Seip         16. september 1909[note 1]  
   Johannes Hougen   V   16. september 1909[note 2]     
Arbeidsdepartementet   Nils Claus Ihlen   V      11. april 1908  
Landbruksdepartementet   Hans Konrad Foosnæs   V      11. april 1908  

Statssekretær (regjeringsråd) Nils Otto Hesselberg var konstituert statsråd fleire gonger hausten 1909.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Gunnar Knudsens første regjering». Regjeringa. Henta 25. juni 2017. 

Fotnotar

endre
  1. Permittert frå 8. juli til han døydde 16. september
  2. Konstituert statsråd frå 8. juli 1909