Gunnleiv og Gunnleif er personnamn av norrønt opphav. Andre skrivemåtar av namna er Gunleif og Gunleiv. Gunnleiv har namnedag den 6. august.

Runesteinen U 644 ved Ekilla bro i Sverige er reist etter Gunnleif som fall med Ingvar den vidfarne. Innskrifta på steinen seier:

an(u)(i)(t)r : auk * kiti : auk * kar : auk * blisi * auk * tiarfr * þir * raistu * stain þina * aftiR * kunlaif * foþur : sin han : fil * austr : miþ : ikuari kuþ heabi ontini

Andvettr ok <kiti> ok Karr ok Blesi ok DiarfR þæiR ræistu stæin þenna æftiR Gunnlæif, faður sinn. Hann fell austr með Ingvari. Guð hialpi andinni.

Namna er sett saman av dei norrøne namneledda gunnr/guðr, 'kamp, strid', og leifr, láfr, 'som blir igjen', her med tydinga 'etterkomar, arving'.

Namna er rekna som mannsnamn i Noreg. På Island er Gunnleif brukt som kvinnenamn, medan Gunnleifur er den mannlege forma.

I 2009 var namnet brukt av til saman 216 menn der 75 nytta skrivemåten Gunleiv, 66 Gunleif, 48 Gunnleiv og 27 Gunnleif.

KjelderEndra