Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein (fødd 11. juni 1969) er ein norsk industrileiar, styreleiar i Ulsmo AS og ei rekke selskap i Ulstein Group, og nestleiar i styret i Ulstein Group. Ho er styremedlem i Hareid Fastlandsamband A/S, medlem i strategigruppe for Maritim21, i styringsgruppa til GCE Blue Maritime Cluster, i SOS Barnebyers Råd og i Arbeidsinnvandrerutvalget oppnemnd av Solberg-regjeringa.

Gunvor Ulstein
Gunvor Ulstein.jpg
Fødd 11. juni 1969 (53 år)
Ulstein
Yrke forretningsdrivande

Gunvor Ulstein er dotter av den tidlegare konsernsjefet i Ulstein Group Idar Ulstein (1934-2012). Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har 1. avdeling jus frå Universitetet i Bergen.

KarriereEndra

I 1993-1994 var ho trainee ved Columbia Shipmanagement på Kypros, arbeidde som marknadsanalytikar 1994-1997, og ved motorfabrikken Ulstein Bergen var ho deretter salssjef (1997-1999). Ho vart tilsett som administrerande direktør for Ulstein Verft i mars 1999, etter at Brynjulv Mugaas gjekk til Fred. Olsen. Broren Tore Ulstein var då teknisk direktør same stad, og dei var begge medeigarar. I 2003 vart ho konsernsjef, ,ei stilling ho hadde fram til 2020. Gunvor Ulstein er også øvste leiar i dotterselskapet Ulstein Shipping. I tillegg er ho eineeigar og leiar av selskapet Mogul Invest som er medeigar i Ulsmo AS[1], som igjen er største eigar av Ulstein Group.

Gunvor Ulstein er styreleiar i Ulstein Verft AS, Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Verft Eiendom, Vanylven Eiendom, Ulstein International, Ulstein Marine Services, Ulstein Trading og Ulsmo AS. Ho er styreleiar i Hafast (Hareid Fastlandssamband AS), som arbeider for eit ferjefritt samband mellom Hareid og Ålesund via Sula, medlem i NHH sitt Advisory Board, SOS Barnebyers Råd og Nor-Shipping Advisory Board.

Av tidlegare verv har ho mellom anna vore nestleiar i styret for NRK 2013-2017,[2] medlem i NHH sitt Advisory Board og Nor-Shipping Advisory Board, nestleiar i Rådet i Det Norske Veritas (DNV), medlem av nærings- og handelsministeren sitt Råd for Maritim Utvikling (MARUT), medlem i representantskapet for Norges Bank, styremedlem i Eksportfinans (2003–2007), medlem av hovudstyret i Teknologibedriftenes Landsforening (nå Norsk Industri), og nestleiar i styret til NHO Møre og Romsdal.

Prisa og utmerkingarEndra

Gunvor Ulstein har motteke fleire utmerkingar. I 2006 vart ho utnemnd til Årets Forretningskvinne[3] av sjampanjehuset Veuve Clicquot, og i 2008 fekk ho WISTA-prisen[4] som Årets Shippingnamn. I 2011 fekk ho prisen Seatrade Young Person in Shipping[5]. I 2013 mottok ho Tekna sin gullmedalje[6] for «framståande innsats i å skapa nye moglegheiter for norsk teknologi.»

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Ulsmo AS, arkivert frå originalen 2013-09-21, henta 20. september 2013 
  2. Rosbach, Marius (10. juni 2014), «Gunvor Ulstein blir nestleder i NRK-styret», smp.no (på norsk), henta 7. juli 2022 
  3. Årets Forretningskvinne, arkivert frå originalen 2013-09-21, henta 20. september 2013 
  4. WISTA-prisen, arkivert frå originalen 2011-07-24, henta 20. september 2013 
  5. Seatrade Young Person in Shipping, arkivert frå originalen 2013-09-21, henta 20. september 2013 
  6. Tekna sin gullmedalje, arkivert frå originalen 2013-09-21, henta 20. september 2013