Gustav Adolf von Götzen

Gustav Adolf von Götzen (12. mai 18662. desember 1910) var ein tysk greve, oppdagingsreisande og guvernør i Tysk Aust-Afrika frå 1901 til 1906. Han var den andre europearen som vitja Rwanda, etter Oskar Baumann, og den første som reiste gjennom heile landet då han mellom 1893 og 1894 leidde ein ekspedisjon gjennom Sentral-Afrika frå Tanganyika til Kongo.

Gustav Adolf von Götzen
Gustav Adolf von Götzen.jpg
Fødd12. mai 1866
FødestadŚcinawka Górna
Død1. desember 1910
DødsstadBerlin
Adelstittelgreve

Liv og virkeEndra

Götzen var fødd på Scharfeneck-slottet i Glatz i dåverande Preussen (i dag ein del av Polen) i 1866. Han studerte jus ved universiteta i Paris, Berlin og Kiel mellom 1884 og 1887. Götzen blei deretter med i militæret, og blei i 1887 løytnant i det andre Garde-Ulanen-regimentet. Götzen blei send til den tyske ambassaden i Roma i 1891. Same året gjennomførte han ein jakttur til Kilimanjaro-området i Aust-Afrika.[1]

I 1893 leia Götzen saman med Georg og Prittwitz og Hermann Kersting ein ekspedisjon på over 600 menn gjennom Rwanda, som på den tida var isolert og ukjend for europearar. Ekspedisjonen la ut frå byen Pangani på kysten av Tanganyika-regionen (dagens Tanzania) den 21. desember 1893.[1] Etter eit langt opphald ved ein katolsk misjonsstasjon ved Ushirombo, heldt fram han med ein mindre ekspedisjon på rundt 360 mann.[2] 2. mai 1894 kryssa Götzen Kageraelva, og blei den andre europearen til å setja fot i kongeriket Rwanda etter austerrikaren Oskar Baumann i 1892.[3] Ekspedisjonen til Götzen heldt fram rett gjennom Rwanda, og den 30. mai kom han fram til kongepalasset i Nyanza, der han m;tte kongen (mwami), Kigeli IV Rwabugiri.[4] Ekspedisjonen heldt vidare fram vestover gjennom kongeriket, og kom omsider fram til Kivusjøen. Etter å ha nådd Virungafjella, bestemte Götzen seg for å halda fram vidare gjennom jungelen i Kongo, der ekspedisjonen følgde Kongoelva ned til Atlanterhavskysten.[5]

I januar 1895 kom Götzen tilbake til Tyskland. Han arbeidde deretter som militærattaché i Washington, D.C. i USA frå 1896 til 1898. Etter å ha vend tilbake til Tyskland igjen blei han med i generalstaben i hæren i Berlin, der han blei forfremja til kaptein i 1900. I mars 1901 blei han utnemnd til guvernør i Tysk Aust-Afrika på grunn av den omfattande røynsla si i Afrika.[1]

 
Grava til Gustav Adolf von Götzen på Ohlsdorf gravlund i Hamburg.

Folkesetnaden i kolonien hadde sidan 1880- og 1890-åra gjort opprør mot det tyske kolonistyret, og som guvernør måtte Götzen takla utbrotet av maji-maji-opprøret i 1905. Dette hadde oppstått som ein respons mot tyske regler som ville tvinga folkesetnaden til å dyrka bomull for eksport.[6] Opprøret spreidde seg til nær halvparten av kolonien. Götzen bad om forsterkingar frå Tyskland, og slo ned opprøret med makt. 15 europeiske og 389 afrikanske soldatar frå Götzen sin tropp døydde, og mellom 75 000 og 300 000 (avhengig av kjeldene) døydde i hungersnaudkatastrofen som oppstod etter opprøret.[7]

I 1906 sa Götzen opp stillinga som guvernør i Tysk Aust-Afrika på grunn av dårleg helse, og reiste tilbake til Tyskland. I 1907 blei han utnemnd til kongeleg prøyssisk utsending i Hamburg, og han var òg aktiv innan Det tyske koloniselskap (Deutsche Kolonialgesellschaft) fram til han døydde den 1. desember 1910.[1] Götzen er gravlagd på Ohlsdorf gravlund i Hamburg.

EttermæleEndra

Det tyske passasjerskipet «Graf von Goetzen» blei oppkalla etter han i 1913. Skipet blei brukt på Tanganyikasjøen under første verdskrig, og i 1916 blei det bora i senk av tyskarane for å unngå at det blei teke av belgiske styrkar. Skipet blei hevd i 1924. Det blei omdøypt til MV «Liemba» og sett tilbake i teneste på Tanganyikasjøen i 1927.[8]

Eit mineral skildra av Thure Georg Sahama og Kai Hytönen i 1957 blei kalla götzenitt etter Götzen.[9]

VerkEndra

  • 1895: Durch Afrika von ost nach west
  • 1909: Deutsch-Ostafrika im Aufstand 1905/06

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Wilhelm (1964)
  2. Strizek (2006), s. 63
  3. Meyer, Hans (1902). «Baumann, Oskar». Allgemeine Deutsche Biographie (tysk). 46. s. 255. 
  4. Strizek (2006), s. 67
  5. Strizek (2006), s. 69–70
  6. John Iliffe (1967). «The Organization of the Maji Maji Rebellion». The Journal of African History (engelsk). 8: 495–512. 
  7. Nuhn, Walter (1998). Flammen über Deutsch-Ostafrika. Der Maji-Maji-Aufstand 1905/06. Die erste gemeinsame Erhebung schwarzafrikanischer Völker gegen weiße Kolonialherrschaft (tysk). Bernard & Graefe. ISBN 3-7637-5969-7. 
  8. Cane, L.B. (1947). «S.S. "Liemba"» (PDF). Tanganyika Notes and Records (engelsk). Arkivert frå originalen (PDF) 2014-03-04. Henta 16. januar 2021. 
  9. Sahama, T.G. (september 1957). «Götzenite and Combeite, Two New Silicates from the Belgian Congo». Mineralogical Magazine (engelsk). 31 (238): 503–510. 

LitteraturEndra

  • Bindseil, Reinhart (1992). Ruanda im Lebensbild des Offiziers, Afrikaforschers und Kaiserlichen Gouverneurs Gustav Adolf Graf von Götzen (1866–1910) (tysk). ISBN 3-496-00427-4
  • Strizek, Helmut (2006). Geschenkte Kolonien: Ruanda und Burundi unter deutscher Herrschaft (tysk). Ch. Links Verlag. ISBN 9783861533900
  • Wilhelm, Friedrich (1964). «Götzen, Adolf Graf von». Neue Deutsche Biographie 6 (tysk). s. 593. ISBN 3-428-00187-7