Gutorm Mikkelsson Lid (25. april 185426. februar 1932) var norsk ein gardbrukar og politikar frå Kvam i Hordaland. Han var stortingsmann for Venstre frå 1913 til -18.

Gutorm M. Lid
Fødd25. april 1854
Død26. februar 1932
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde

Lid var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1872-74 på Stend landbruksskule, og var dei neste fire år gardstyrar hos Hartvig Sverdrup på Leka i Nord-Trøndelag. I 1878 var han tilbake på Stend, der han i tre år var fjøsmeister. Han fekk stipend til å studere fjøsdrift og meieri i Danmark. Åra 1881-89 var Lid forpaktar av prestegarden i Fana. I 1889 slo han seg ned og vart gardbrukar på Øvsttun i Birkeland sokn, også det i Fana herad.

Lid var styrar i Bergens meieribolag 1883-87. Han var kasserar i Fana Sparebank frå 1883 til 1919, og deretter administrerande direktør i banken til han døydde. Åra 1908-13 var han varaordførar i Fana.

Lid var varamann i Midthordland krins då han møtte på Stortinget frå 10. februar 1913. Han kom inn på tinget i staden for Lars Abrahamsen, som då var utnemnd til justisminister. I den neste tingperioden, 1916-18, var Lid fast representant frå Midthordland, framleis som Venstre-mann. Han var med i Sosialkomiteen i begge periodane.

KjelderEndra