For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guyana (fleirtyding).
Co-operative Republic of Guyana

(norsk: Guyana, guyansk)

Det guyanske flagget Det guyanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Dear Land of Guyana, of Rivers and Plains»
Motto One People, One Nation, One Destiny (Eit folk, ein nasjon, ein lagnad)
Geografisk plassering av Guyana
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Georgetown
Styresett
Republikk
Irfaan Ali
Mark Phillips
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
214 969 km² (84.)
8,4%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
737 718 (163.)
749 150
3,4 /km² (193.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
26. mai 1966
Nasjonaldag 23. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
5 770 mill. USD (163.)
7 800 USD (124.)
Valuta Guyansk dollar
Tidssone UTC -4
Telefonkode +592
Toppnivådomene .gy


Guyana er eit land i det nordaustlege Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet. Landet utgjer ein del av den større Guyanaregionen, og grensar til Brasil, Surinam og Venezuela. Med ein flatevidd på 215 000 km² er Guyana det tredje minste landet på det søramerikanske fastlandet (etter Uruguay og Surinam). Guyana har ca. 770 000 innbyggjarar. Som tidlegare britisk koloni er Guyana eit av fire land i Sør-Amerika som ikkje er spanskspråkleg, saman med Brasil (portugisisk), Fransk Guyana (fransk) og Surinam (nederlandsk).

Landet heiter offisielt Den kooperative republikken Guyana[1] (Co-operative Republic of Guyana) og var tidlegare kjent som Britisk Guiana/Guyana.

Guyana erklærte sjølvstende frå Storbritannia 26. mai 1966 og blei ein republikk 23. februar 1970. Landet var ein britisk koloni i over 200 år, og var før dette ein nederlandsk koloni. Landet er medlem av Caribbean Community (CARICOM), som har hovudkvarter i den guyanske hovudstaden, Georgetown. Landet er det einaste landet i Samveldet som ligg på det søramerikanske fastlandet. Surinam gjer krav på å overta område i austre Guyana, og Venezuela på område i vestre.

Kart over Guyana

NamnEndra

Namnet «Guyana» kjem frå Guiana, som var det opphavlege namnet på område som i dag omfattar Guyana, Surinam, Fransk Guyana og deler av Venezuela og Brasil. Ifølgje Oxford English Dictionary, kjem namnet frå eit urfolksord som tyder «landet til vatna».[2]

GeografiEndra

Guyana er tredelt: Landet har ei smal, myrlendt slette langs Atlanterhavskysten, eit sandbelte lengre inne i landet som òg inneheld regnskog og mykje av mineralreservane i Guyana, og eit større høglandsområde som er samansett av savannar og fjell. Det høgaste fjellet er Monte Roraima, med eit toppunkt på 2 810 moh.

Dei viktigaste elvane er Essequibo, Demerara, Corentyne og Berbice.

KlimaEndra

Atlanterhavskysten av Guyana er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mail til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.

Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehageleg.

HistorieEndra

Då europearar kom til området rundt 1500 budde her stammar av arawakar og karibar her. I løpet av det neste hundreåret kom det til fleire europeiske busetjingar, først av nederlendarar, som grunnla koloniane Essequibo (1616), Berbice (1627) og Demerara (1752). Storbritannia tok kontroll over koloniane most slutten av 1700-talet og fekk formelt overlevert området frå Nederland i 1814. Dei tre blei slått saman til éin koloni, Britisk Guiana, i 1831.

Guyana var ein del av ein nederlandsk koloni på 1600-talet, men denne blei delt mellom Nederland, Storbritannia og Frankrike i 1815. Landet som i dag er Guyana gjekk over i britisk eige i 1815 og fekk namnet Britisk Guyana, medan dei andre delane vart kjend som Nederlandsk Guyana (i dag Surinam) og Fransk Guyana. Då slaveriet blei avskaffa i 1838, flytta flesteparten av dei tidlegare slavane til byane, og ein såg seg nøydd til å importera arbeidskraft til sukkerplantasjane frå India. Det har sidan vore store konfliktar mellom desse folkesetnadsgruppene på grunn av skilnader i velstandsutviklinga.

Landet blei sjølvstendig i 1966, og var fram til 1985 styrt av sosialistiske regjeringar leia av Forbes Burnham og etterfølgjaren hans Desmond Hoyte i 1992. I 1992 blei Cheddi Jagan vald til president i det som blit sett på som det fyrste demokratiske og rettferdige valet i landet sidan det fekk sjølvstende. Då Jagan døydde blei han etterfølgd av Sam Hinds som styrte fram til Jagan si enkje, Janet Jagan, overtok 1997. Ho gjekk av på grunn av helseproblem i 1999, då Bharrat Jagdeo tok over. I desember 2011 blei Donald Ramotar innsett som president.[3] Den tidlegare offiseren David Granger tok over som president i 2015.[4]

SamfunnEndra

PolitikkEndra

 
Høgsterettsbygningen i Guyana.
 
Parlamentsbygningen i Guyana frå 1834.

Guyana er eit representativt demokrati og republikk med semipresidentsystem. Presidenten er regjeringssjef. Den utøvande makta blir utøvd av regjeringa. Den lovgivande makta er utøvd av både regjeringa og nasjonalforsamlinga. Landet har fleirpartisystem.

Historisk har landet hatt ein spent politisk situasjon, og det har vore fleire valdelege opprør i samband med val. På 1970- og 1980-talet var politikken i landet dominert av People's National Congress.

I 1992 blei det første «frie og rettferdige» valet arrangert under oppsyn av den tidlegare presidenten i USA, Jimmy Carter, og People's Progressive Party hadde makta fram til 2015, då ein koalisjon med blant andre element frå People's National Congress tok over under president Granger. I 2018 tapte Granger eit mistillitsvotum i parlamentet, og skreiv til slutt ut nyval i mars 2020.[5] Dette nyvalet gav framleis uklart resultat, og fleire valobservatørar nekta å godkjenna resultatet.[6]

Administrativ innleiingEndra

 
Administrative regionar i Guyana

Guyana er inndelt i ti administrative regionar:

Nr Region Hovudstad Areal km² Innbyggereantall



InnbyggjarEPar km²



1 Barima-Waini Mabaruma 20 339 24 275 1,2
2 Pomeroon-Supenaam Anna Regina 6 195 49 253 8,0
3 Essequibo Islands-West Demerara Vreed ein Hoop 3 755 103 061 27,5
4 Demerara-Mahaica Paradise 2 232 310 320 139,0
5 Mahaica-Berbice Fort Wellington 4 190 52 428 12,5
6 East Berbice-Corentyne New Amsterdam 36 234 123 695 3,4
7 Cuyuni-Mazaruni Bartica 47 213 17 597 0,4
8 Potaro-Siparuni Mahdia 20 051 10 095 0,5
9 Upper Takutu-Upper Essequibo Lethem 57 750 19 387 0,3
10 Upper Demerara-Berbice Linden 17 040 41 112 2,4
Guyana 214 999 751 223 3,5

Kjelde: Bureau of Statistics Guyana, folketettleik 2002[7][8].

Forsvars- og utanrikspolitikkEndra

 
Soldatar frå den guyanske hæren

Forsvarsstyrken i landet, Guyana Defence Force, blei grunnlagd i 1965. I tillegg til oppgåva med å ivareta forsvaret i landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[9]

Guyana Defence Force har hærstyrkar, kystvakt og eit flykorps. Hærstyrkane består av to infanteribataljonar, ein støttebataljon, ein ingeniørbataljon, eit artillerikompani og ein spesialstyrkeskvadron. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 3 428 mann (2010).[10]

ØkonomiEndra

Økonomien til Guyana betra seg noko i byrjinga av 2000-talet på grunn av utvikling i jordbruks- og bergverksnæringane, betra forretningsklima, ei god utvikling i valutakursane, låg inflasjon og støtte frå internasjonale organisasjonar. Landet slit framleis med mangel på kvalifisert arbeidskraft og ein dårleg utvikla infrastruktur. Landet har i tillegg betydeleg utanlandsgjeld.

Dei viktigaste naturressursane for Guyana er bauxitt og sukker, men det har òg førekomstar av gull og diamantar. Andre eksportvarer er tømmer, reker og fisk. All elektrisitet blir framstilt ved bruk av fossilt brensel.

FolkesetnadEndra

Ved folketeljinga i 2012 hadde landet ein folkesetnad på 747 884.[11]

89,1 % av folkesetnaden bur i kystområda (2012). Innlandfolkesetnaden auka frå 6,6 % i 1980 til 10,9 % i 2012.[12] Hovudstaden Georgetown har 118 363 innbyggjarar (2012), med 24 849 i bykjernen og 93 514 i forstadene.[13]

FolkegrupperEndra

Hovuddelen av folkesetnaden stammar frå ulike delar av verda og mange er etterkommarar etter slavar og kontraktarbeidarar. Ved folketeljinga i 2012 oppgav 39,8 % av folkesetnaden at dei hadde austindisk opphav, ein del som fall frå 51,9 % i 1980. 29,3 % hadde afrikansk opphav. 20 % oppgav blanda opphav, ein kategori som hadde auka frå 11,2 % i 1980.[14] Delen som rapporterte å ha indiansk opphav steg frå 5,3 % i 1980 til 10,5 % i 2012.

Over 60 % av folkesetnaden er kristne, fordelt på ulike kyrkjesamfunn. Pinserørsla har vakse kraftig og ved folketeljinga i 2012 var 22,8 % av folkesetnaden pinsevenner.[15] I 2012 tilhøyrde 7,1 % den katolske kyrkja, 5,4 % var sjuendedagsadventistar, 5,2 % var anglikanarar og 1,4 % var metodistar. Andre kristne utgjorde 20,7 % av folkesetnaden. 1,3 % var Jehovas vitne. Ein firedel av folkesetnaden, 24,8 %, var hinduar, medan 6,8 % tilhøyrde islam. Ved folketeljinga i 2012 oppgav 3,1 % at dei ikkje tilhøyrde noka religiøs retning.

KulturEndra

SpråkEndra

Engelsk er administrasjons-, undervisings- og hovudspråk i landet.

IdrettEndra

 
Providence Stadium sett frå East Bank Highway

Dei viktigaste idrettane i Guyana er cricket (Guyana er ein del av det Vestindiske cricketlandslaget), softball-cricket (strandcricket) og fotball. Mindre idrettar er mellom anna nettball, rounders, tennis, basketball, bordtennis, boksing, squash og rugby.

Guyana var vertskap for fleire kampar under Verdsmeisterskapen i cricket i 2007. Den nye Providence Stadium med 15 000 sete blei vart bygd til meisterskapen og opna 28. mars 2007.

I internasjonal fotball er Guyana medlem i CONCACAF.

KjelderEndra

  1. «Navn på stater», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2021 
  2. oxforddictionaries.com
  3. «Guyana swears in new president who pledges compromise with opposition», The Washington Post, 3. desember 2011.
  4. [1]
  5. [2]
  6. «OAS observers withdraw from Guyana presidential election, citing fairness concerns» (på engelsk). Reuters. 
  7. «Bureau of Statistics - Guyana» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2012-09-02. , CHAPTER III: POPULATION REDISTRIBUTION AND INTERNAL MIGRATION
  8. «Guyana - Government Information Agency». Arkivert frå originalen 2007-08-14. , National Profile
  9. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113.
  10. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 117.
  11. Guyana Population and Housing Census 2012. Preliminary Report, Bureau of Statistics, 2014, s. 11.
  12. Guyana Population and Housing Census 2012. Preliminary Report, Bureau of Statistics, 2014, s. 13.
  13. Guyana Population and Housing Census 2012. Preliminary Report, Bureau of Statistics, 2014, s. 37.
  14. Compendium 2. Population Composition, Bureau of Statistics, juli 2016, s. 4.
  15. Compendium 2. Population Composition, Bureau of Statistics, juli 2016, s. 29.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Guyana