Guyanastraumen

Guyanastraumen er ein havstraum utanfor austkysten av Sør-Amerika. Sørekvatorialstraumen delar seg i ei sørleg og ei nordleg grein når han nærmar seg austspissen av Sør-Amerika, Cabo de São Roque. Den nordlege greina går nordvestover utanfor kysten av Sør-Amerika heilt Dei små Antillane og vert kalla Guyanastraumen. Han får tilført ein del fersvatn frå sør og av vatn frå Nord-Atlanteren frå nrod. Straumen er stundom ganske sterk, men ikkje særleg djup med ei djupne på om lag 100 m.

Den søratlantiske virvelen. Guyanastraumen held fram som den nordlege greina av Sørekvatorialstraumen.

Straumen som går sørover frå der Sørekvatorialstraumen deler seg er Brasilstraumen.

KjelderEndra