Guyenne

Guyenne eller Guienne (fransk uttale [ɡɥijɛn]; oksitansk Guiana  [ˈɡjanɔ]) er ein gammal fransk provins som grovt sett svarte til den romerske provinsen Aquitania Secunda og erkebispedømet Bordeaux.

Kart over Frankrike i 1477, då Guyenne var kroneigedom.
Kart over Guyenne og Gascogne i 1733

Namnet "Guyenne" kjem frå Aguyenne, ei folkeleg omforming av Aquitania.[1] På 1100-talet danna det saman med Gascogne grevskapen Aquitaine, som gjekk inn under herredømet til den engelske trona gjennom ekteskapet mellom Eleanor av Aquitaine og Henrik II.

På 1200-talet blei området forminska gjennom erobringane til Filip II, Ludvig VIII og Ludvig IX, og dei nye grensene blei fastsette gjennom Paris-traktaten av 1259. Rundt denne tida byrja Guyenne å bli skild frå Aquitaine. Guyenne bestod då av Bordelais (det gamle grevskapet Bordeaux), Bazadais, delar av Périgord, Limousin, Quercy og Rouergue og Agenais som Filip III hadde avstått til Edvard I i 1279. Framleis sameint med Gascogne danna det eit hertugdøme som strekte seg frå Charente til Pyreneane. Hertugdømet blei halde som eit len gjeve av dei franske kongane, og i 1296 og igjen i 1324 blei det konfiskert av kongen med det grunnlaget at føydalherren ikkje hadde overhalde pliktene sine.

Ved Brétigny-traktaten av 1360 fekk Edvard III av England full suverenitet over hertugdømet Guyenne, i lag med Aunis, Saintonge, Angoumois og Poitou. Sigrane til Bertrand du Guesclin og hertug Gaston III av Foix vann hertugdømet med grensene frå 1200-talet tilbake kort tid etter. I 1451 blei det erobra og endeleg slått saman med den franske krona av Karl VII. I 1469 gav Ludvig XI det i bytte mot Champagne og Brie til bror sin Charles, greven av Berry. Etter at denne døydde i 1472 blei det igjen del av dei franske kroneigedommane.

Guyenne skipa så eit styre (gouvernement général) som frå 1600-talet av var sameint med Gascogne. Styret av Guyenne og Gascogne (Guienne et Gascogne), med Bordeaux som hovudstad, varte til enden av det franske kongedømet (Ancien Régime) i 1792. Under den franske revolusjonen blei nye department laga frå Guyenne: Gironde, Lot-et-Garonne, Dordogne, Lot, Aveyron og størstedelen av Tarn-et-Garonne.[2]

KjelderEndra

  1. Xavier de Planhol, An Historical Geography of France (Cambridge, 1994), s. 168.
  2.   Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeEncyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.