Gwda er ei elv i Polen. Ho er 146 km lang og startar ved Wierzchowosjøen, nordaust for Szczecinek. Den øvre delen av elva renn gjennom mange innsjøar. Ho renn gjennom byen Piła.

Gwda var ein av dei reinaste elvane i Polen i 1975, men etter den tid har vatnet vorte dårleg på grunn av at byar slepp ut rå kloakk og fabrikkar spyler ut kjemikaliar og olje i elva.[1]

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.