Gyland

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg

Gyland er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke som nå er ein del av Flekkefjord kommune. Gyland var eigen kommune frå 1894 til 1964.

Frå 1837 var Gyland del av Bakke formannskapsdistrikt saman med Bakke, Tonstad og Øvre Sirdal. I 1849 blei distriktet delt i to, og Gyland blei ein del av Bakke og Gyland kommune. Den andre delen fekk namnet Sirdal formannskapsdistrikt.

Gyland og Bakke blei begge sjølvstendige kommunar i 1894. I 1965 gjekk så Gyland inn i Flekkefjord kommune saman med Hidra, Nes, Bakke og Flekkefjord by.