Gyldendal i Danmark
Gyldendal A/S (fram til 20. april 2010 Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag A/S[1][2]) er det nest eldste og største forlaget i Danmark, skipa i 1770 av Søren Gyldendal. Heilt sidan 1787 har forlaget hatt hovudkontor i Klareboderne 3 i København. Svigersonen til Søren Gyldendal, Jacob Deichmann, tok over forlaget i 1809 og gjorde Gyldendal til det leiande forlaget i Danmark.
Gyldendal A/S | |||
![]() | |||
Org.form | Aktieselskab | ||
---|---|---|---|
CVR‑nummer | 58200115 | ||
Bransje | Forlagsbransjen | ||
Skipa | 1770 | ||
Eigar | Lars Ole Kornum, Chr. Augustinus Fabrikker | ||
Eigenandel i | Systime | ||
Land | Danmark | ||
Grunnleggjar(ar) | Søren Gyldendal | ||
Nettstad | https://gyldendal.dk (dansk) |
Etter at Peter Nansen vart tilsett i leiinga for Gyldendal i 1896, kjøpte verksemda opp C.A. Reitzels Forlag, og med dette sikra Gyldendal seg rettane til å utgje verka av dei fleste av dei skjønlitterære forfattarane frå den såkalla «guldalderen». Dei vart lanserte i serien Gyldendals Bibliothek. Nansen skipa òg serien Gyldendals røde Ordbøger, som framleis er den mest selde ordbokserien i Danmark.
I 1903 slo Gyldendal og Det nordiske Forlag (skipa i 1895) seg saman som eit nytt forlag under namnet Gyldendalske Boghandel og det Nordiske Forlag (avstytta G.B.N.F.), som vart skipa som aksjeselskap.
Det norske forlagshuset Gyldendal Norsk Forlag vart opphavleg skipa som ei avdeling av Gyldendal i Danmark i 1906 og seld til Noreg i 1925 etter påtrykk frå norske interesser, som hadde skaffa norsk aksjekapital for å kunne kjøpe på denne måten heim til Noreg rettane til å gje ut norske forfattarar som hadde gjeve ut bøkene sine i Danmark i ei tid då det ikkje hadde vore drive skikkeleg forlagsverksemd i Noreg. Særleg var det av norske nasjonale prestisjeomsyn særs viktig å få over på norske hender og norsk jord rettane til å gje ut verka av dei norske forfattarane frå siste halvparten av 1880-talet som i marknadsføringa vart samla under omgrepet «dei fire store», Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Alexander Kielland. Rettane vart no overteke av eit nyskipa Gyldendal Norsk Forlag i Oslo, som trass i namnelikskapen med det danske forlaget, var eit sjølvstendig norsk forlag.
Danske Gyldendal vart i 1947 selt til ostegrossararen Knud W. Jensen, kjend for seinare å ha skipa det internasjonalt vidgjetne kunstmuseet Louisiana i Humlebæk nord for København. Men i dag er forlaget notert på Københavns Fondsbørs og soleis eigd av mange aksjonærar: Museumsfonden af 7. december 1966 har 32,4 %, Chr. Augustinus Fabrikker har 27,7 %, Lønmodtagernes Dyrtidsfond/LD Invest A/S har 10,6 %, Pensionskassen for Magistre og Psykologer har 5,1 % og Lars Ole Kornum 2,5 %.
Danske Gyldendal eig ein rad med dotterforlag i Danmark, og dessutan distribusjonsverksemda Nordisk Bog Center, som distribuerer bøker for fleire danske forlag enn dei som høyrer inn under Gyldendal.
Danske Gyldendals dotterforlag og imprints
endre- Gyldendal Business
- Gyldendals Leksikon
- Hans Reitzels Forlag
- Forlaget Fremad
- Samlerens Forlag](frå 1987)
- Høst & Søns Forlag
- Rosinante & Co
- Munksgaards Forlag
- Exlibris Musik
- Forlaget Forum
- Systime
- Academica
- Schultz Forlag
- Nyt Juridisk Forlag (saman med Danmarks Jurist- og Økonomforbund)
- Cicero/Chr. Erichsen
- Superpocket
Kjelder
endre- ↑ «Til aktionærerne i Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag Aktieselskab» (PDF) (på dansk). Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag Aktieselskab. 26. mars 2010. Henta 10. september 2016. «Gyldendals bestyrelse har hermed fornøjelsen af at invitere til selskabets ordinære generalforsamling i Klareboderne 3, København, tirsdag den 20. april 2010 kl. 16.00.»
- ↑ «VEDTÆGTER for GYLDENDAL A/S» (på dansk). Gyldendal A/S. Henta 10. september 2016. «Vedtaget på selskabets generalforsamling den 13. juli 1918 med ændring senest på generalforsamlingen den 20. april 2010 og bestyrelsesmøde den 18. april 2013»