Gylvaginning

(Omdirigert frå Gylfaginning)

Gylvaginning (norrønt Gylfaginning) er første delen av den yngre Edda skriven av Snorre Sturlasson. Namnet tyder 'synskvervinga' eller 'narreriet' til Gylve (norrønt Gylfi), som er ein mytisk skandinavisk konge som ønskjer å finna ut meir om æsene. Forteljinga er såleis ei viktig kjelde for vår kunnskap om norrøn gudetru.

Synskvervinga til Gylve i eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

I soga dreg Gylve til Åsgard, der han tek på seg skikkelsen til ein gammal mann og tek namnet Ganglere. Men æsene visste alt før han kom om forkledinga, og skapte eit narrespel.

Då Gylve kom til Åsgard, fekk han sjå eit stort slott, og inni det sat det tre i høgseta: Høg, Jamhøg og Tredje. Gylve som Ganglere la fram ærendet sitt og spurde dei ut om den norrøne trua. Då samtalen tok slutt, høyrde Gylve eit veldig bråk rundt seg. Då han såg seg rundt, var han åleine på ei stor, flat slette. Slottet og gudane var vekke. Etter den tid vandra han rundt og fortalde kva han hadde sett og høyrt.

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Gylvaginning ved Wikisource.