Håkon Breivoll

norsk politikar

Håkon Martin Breivoll (8. februar 18865. mai 1955) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Ibestad. Han representerte Arbeidarpartiet i TromsStortinget i tida 1945-53.

Håkon Breivoll
Fødd8. februar 1886
Død5. mai 1955 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Breivoll vart utdanna lærar i Tromsø i 1907 og underviste dei neste åra på skular i Kvæfjord, på Stokmarknes, på Skjervøy og i Sund i Lofoten. Frå 1915 til 1953 skulte han på Breivoll skule i heimbygda i Ibestad. Han dreiv farsgarden på Breivoll frå 1925.

Breivoll var ordførar i Ibestad frå 1923 til 1940 og på ny i 1945. Han var vararepresentant til Stortinget i 1934–36 og 1937–40. Etter representanten Alfons Johansen døydde i 1941, møtte Breivoll i hans stad då førkrigs-Stortinget var samla til storting i 1945. Ved stortingsvalet hausten vart han innvald som Troms fylke sin andrerepresentant, og vart attvald i 1949. Den fyrste perioden var han medlem i finans- og tollkomiteen, i den andre i kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder endre

Stortingsbiografi