Opna hovudmenyen

Håkon Pålsson (norrønt Hákon Pálsson), truleg fødd omkring 1080, var jarlOrknøyane frå om lag 1105 til 1123, ei tid saman med syskenbarnet Magnus Erlendsson som døydde omkring 1115.

Håkon Pålsson
Død

1126
Orknøyane

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Innhaldsliste

Norrøne kjelderEndra

Livet til Håkon Pålsson er skildra mest detaljert i Orknøyingasoga[1] (frå kap. 33); i dei norrøne kongesogene er han knappast nemnt. Ein ukjend skald skal ha gjort ei dråpa om han, men diktet er ikkje blitt bevart.

FamilieEndra

Far hans var Pål Torfinnsson og mor hans var Ragnhild, dotter til Håkon Ivarsson jarl. Håkon hadde fleire systre, og desse er nemnde: Tora, Ingerid, Herbjørg og Ragnhild. Farbror hans var Erlend Torfinnsson jarl og av borna hans er nemnde sønene Erling og Magnus, og døtrene Gunnhild og Cecilia. Håkon Pålsson var ikkje gift, men han hadde ei frille som heitte Helga Maddadsdotter. Det er ikkje visst om ho var mor til alle borna hans, men han hadde minst to søner og to døtrer. Sønene Harald (Slettmæle) og Pål (den fåmælte) vart begge jarlar på Orknøyane. Dottera Margret var mor til orknøyjarlen Harald Maddadsson, og dottera Ingebjørg vart gift med Olav Bitling (Óláfr "Bitling" Guðrøðarson)[2] som var konge på Man.

Liv og LagnadEndra

Faren og farbroren Erlend Torfinnsson var sams jarlar over Orknøyane og Orknøyingasoga fortel at samstyret fungerte fredeleg og godt i byrjinga. Då sønene deira voks til, vart det stor usemje mellom dei, og soga legge mykje av skulda på Håkon Pålsson. Han skal ha tykt at han stod over dei andre syskenborna sine, fordi han rekna seg sjølv som meir ættestor. Morfar hans var Håkon Ivarsson jarl som ætta frå Håkon jarl den mektig, og mormor hans var Ragnhild Magnusdotter som var sonedotter til Olav den heilage. Håkon si morsyster hadde ein son som òg heitte Håkon som dei kalla «den norrøne» (eller «Sunnivason») og han var far til Erik Lam (1120-1146) som vart konge i Danmark.

Håkon jarl dreg bortEndra

Etter fleire år med kiving og usemje, enda det med at Håkon Pålsson reiste bort frå øyane og drog aust til kong Olav Kyrre i Noreg. Sidan drog han til Sverige og var hos kong Inge Stenkilsson, og der vart han godt motteken, ikkje minst på grunn av at morfaren, Håkon Ivarsson jarl hadde vore ven og alliert med kong Stenkil[Note 1].

I Orknøyingasoga[3] blir det fortalt at Håkon møtte ein spåmann i Sverige, og han vart spådd at han skulle bli einvaldshovding over Orknøyane og at vegane hans låg lenger ute i verda, enn det spåmannen kunne sjå. Kanskje medverka denne spådommen til at Håkon ei tid seinare drog attende til Noreg, der Magnus (Berrføtt), sonen til Olav Kyrre, var blitt konge. Der fekk han høyre at det då var farbroren Erlend og sønene hans som styrte over Orknøyane, og truleg ville det vere utrygt for han å kome fåment attende til riket. Han tok då det rådet å tale med kong Magnus for å få hjelp til å vinne det riket som han rekna som føderetten sin. Han argumenterte då for at kong Magnus skulle legge under seg øyane, og meinte at han derifrå kunne herje i Irland og Skottland, og vidare gjere hærferd mot England for å hemne farfaren, Harald Hardråde[Note 2].

Orknøyjarlen blir «kongens jarl»Endra

I soga om Magnus Berrføtt[4] og i Fagerskinna[5] er det fortalt at kong Magnus hærtok Orknøyane, men berre i Orknøyingasoga er Håkon Pålsson sin medverknad nemnt. I alle høve erobra kong Magnus øyane i 1098, og der fanga han jarlane Erlend og Pål Torfinnsson og sende dei til Noreg.[Note 3]. Men Håkon Pålsson hadde misrekna seg; kong Magnus sette sonen sin, den åtte år gamle Sigurd, til ny jarl over Orknøyane. For første gong hende det at ein norsk konge greip direkte inn i styringa av jarledømet på Orknøyane. Aldri før hadde ein norsk konge avsett ein jarl og sett inn sin eigen representant i staden. Orknøyjarlen, som til no hadde styrt i kraft av arv og føderett, var i røynda blitt til «kongens jarl».

 
Håkon Pålsson var med på hærferda i 1098-1099, då Magnus Berrføtt let skipet sitt drage over eidet ved Tarbert for å vise at halvøya Kintyre høyrde til den norske kongen. (Teikning frå Heimskringla 1899)

Både Håkon Pålsson og syskenborna hans, Erling Erlendsson og Magnus Erlendsson, måtte vere med i hæren til kong Magnus då han heldt fram med erobringa av Sudrøyane (Hebridane) og øyrika lenger sør. I sogene[6] er det fortalt berre kort om at Håkon Pålsson seinare følgde med kong Magnus medan han levde. Han var med på hærferda som kongen gjorde i Gautland og truleg var han med på det andre krigstoget i vesterhavet i åra 1102-1103, der kong Magnus fall.

Sigurd Magnusson i 1103 fekk bod om at faren var død, drog han straks attende til Noreg og vart konge saman med brørne sine, Øystein og Olav. Han vart seinare kjend som kong Sigurd Jorsalfare. Etter alt å døme, var då Orknøyane ei tid utan ein styrande jarl. Eitt eller to år seinare, omkring 1105, drog Håkon Pålsson til Noreg og kongane gav han jarlsnamn og styringa med Orknøyane «slik som han hadde ætt til»[7].

Jarleriket blir delt i toEndra

Ei tid etter at Håkon var blitt jarl, truleg omkring 1108, kom syskenbarnet hans, Magnus Erlendsson, frå Skottland og gjorde krav på farsarven sin[8]. Håkon jarl var først uvillig til å gi frå seg noko av riket og Magnus reiste då til Noreg for å få hjelp. Der vart han teken vel imot av kong Øystein Magnusson som gav han halve Orknøyane, og dertil jarlsnamn.[Note 4] Då han kom attende, vart det semje mellom Håkon jarl og Magnus jarl; riket vart delt i to og det var gode år og fred på Orknøyane, så lenge som venskapen deira varde.

Drapet på Magnus jarlEndra

 
Utsikt mot St Magnus kyrkja på Egilsay, der Magnus jarl var siste natta, før han vart drepen.
 
Ruinane av den særmerkte runde kyrkja i Orphir, som Håkon Pålsson truleg let bygge då han kom heim etter jorsalferda. Kyrkja var bygt etter modell av den den heilage gravkyrkja i Jerusalem.

Som så ofte før når det var samstyre, vart det usemje mellom dei to orknøyjarlane, og sogeskrivaren legg mykje av skulda på Håkon jarl. Han skal ha vore misunneleg på Magnus, frenden sin, fordi han var best likt mellom folk og var rekna som den mest dugande hovdingen. Begge drog saman hærstyrkar og lenge såg det ut til at det skulle ende i open krig. Orknøyingasoga[9] har ei lang skildring av ufreden mellom dei, og hendingane som førte fram til at Magnus jarl vart drepen på ein stad, ikkje langt frå kyrkja på Egilsøy. Soga fortel at det var Håkon jarl sin kokk, Håkon Livolv, som til sist drap Magnus med eit øksehogg i hovudet. Drapet skjedde 16. april, truleg i året 1115 (årstalet er omdiskutert). Magnus jarl vart seinare gjort til helgen, og i St. Magnuskatedralen i Kirkwall er det i nyare tid funne ei kiste med beinrestar[10] som stadfester drapet og drapsmetoden.

I skildringa i Orknøyingasoga om konflikta med Magnus jarl, blir Håkon jarl blir omtala som avundsjuk og brutal, og ved svik lar han mennene sine drepe Magnus for å sikre seg sjølv udelt makt over jarleriket.

I åra då Håkon Pålsson jarl og Magnus Erlendsson jarl var sams jarlar, var det to biskopar som gjorde krav på bispesetet i Birsay (Byrgesherad) på Orknøyane. Magnus jarl støtta den engelske Rodulf Novell[11], medan den norske kongen og Håkon jarl støtta biskop Vilhjelm (Vilhelm den gamle)[12]. Det vart den sistnemnde som seinare i stor grad fremja helgenkulturen omkring sankt Magnus, og det var han som fekk flytta bispesetet til Kirkwall og byrja bygginga av St. Magnuskatedralen.

PilegrimsferdaEndra

Etter at Magnus jarl var død, la Håkon jarl under seg heile Orknøy-riket. Nokre år seinare, truleg omkring 1120[13], gjorde han ei ferd til Roma og vidare til Jorsalaland, vitja heilagdomane der og lauga seg i Jordanelva. Det er ikkje nemnt i sogene, men det er særs truleg at han gjorde denne ferda som soning for at han var medskuldig i drapet på den heilage Magnus. Ein trur òg at det var Håkon jarl som let bygge den særmerkte runde kyrkja i Orphir[14] (på Mainland), kanskje til oppfylling av kyrkjelege krav som vart lagt på han då han vitja Roma.

EttermæleEndra

Etter pilegrimsferda vende han attende til Orknøyane og Orknøyingasoga[15] fortel at han vart ein god styrar og heldt god fred i riket sitt. Han sette nye lover og etter kvart vart han så godt likt at «orknøyingane stunda berre etter at dei måtte få ha Håkon til hovding lenge».

Omkring 1123 døydde Håkon Pålsson jarl sottedauden der på øyane og bøndene tykte at det var ein stor skade. Den positive omtalen han fekk dei siste åra han levde, står i kontrast til dei tidlegare, negative skildringane av han. Kanskje må det takast med i vurderinga at soga om han vart nedskriven nær 100 år i ettertid og nokså sikkert var farga av sympatien som i mellomtida hadde oppstått for helgenen Magnus jarl. Det er verd å merke seg at då Håkon jarl, nokre år før 1093 reiste frå Orknøyane, gjorde han det frivillig, etter at hovdingane hadde bede han om å fare bort frå øyane ei tid. Det var då «med gode menns råd»[16], blitt gjort ei semje mellom jarlane for å skape fred i riket. Kanskje var Håkon Pålsson jarl klokare og mindre stridbar enn det soga gir oss inntrykk av.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Sigurd Magnusson
(Jorsalfare)
Håkon Pålsson
Samstyre med:
Magnus Erlendsson
Samstyre :
Harald Håkonsson
Pål Håkonsson
-

Kjelder og utfyllande opplysningarEndra

NotarEndra

  1. Håkon Ivarsson var kong Stenkil sin jarl i Värmland på den tida då han måtte røme frå Noreg og kong Harald Hardråde.
  2. Kong Harald Hardråde miste livet i strid mot den engelske kongen Harald Godwinson, i slaget ved Stamford bru i 1066.
  3. Begge vart truleg haldne i fangenskap i Noreg og døydde stutt tid etter, Pål jarl i Bergen og Erlend jarl i Nidaros.
  4. Øystein Magnusson var norsk konge i tida 1103-1123, og på den tida då Magnus Erlendsson jarl kom til Noreg, var kong Sigurd Magnusson på jorsalferd (1108-1111).

FotnotarEndra

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. The Chronicle of Man and the Sudreys av P. A. Munch (1860) latin og engelsk tekst. Side 73 og 74.
  3. Orknøyingasoga kapittel 36 - om møtet med spåmannen i Sverige.
  4. Soga om Magnus Berrføtt Kongesoger III, side 102 (Samlaget, Oslo 1965)
  5. Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst, (kap. 229f). Pål Torfinnsson og Håkon Pålsson er ikkje nemnt!
  6. Orknøyingasoga kapittel 43
  7. Orknøyingasoga kapittel 43
  8. Orknøyingasoga kapittel 43/44
  9. Orknøyingasoga kapittel 47-50: om drapet på Magnus jarl
  10. The relics of St Magnus orkneyar.com
  11. Ralph Nouell Oxford Dictionary of National Biography
  12. William the Old Oxford Dictionary of National Biography
  13. The Northern Earldoms, kapittel 5.3
  14. The Orphir Round Kirk orkneyjar.comn
  15. Orknøyingasoga kapittel 52: om pilegrimsferda og ettermælet til Håkon Pålsson
  16. Orknøyingasoga kapittel 35: Sættarfund millom Magnus og Håkon

BakgrunnsstoffEndra