Hårfrytle

planteart

Hårfrytle er ei plante i sevfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Sibir. Planta vert kring 15 cm høg og har lysgrøne blad som er 5-10 mm breie og står grøne om vinteren. Ho har slakt strå som tidleg legg seg ned. Blomsterblada er mørkbrune med kvit hinnekant. Frukta er ein gulbrun kapsel. Frøa har kvit saftfylt utvokster. Dei vert spreidde av maur.

Hårfrytle
Hårfrytle
Hårfrytle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Sivfamilien Juncaceae
Slekt: Frytleslekta Luzula
Art: Hårfrytle L. pilosa
Vitskapleg namn
Luzula pilosa

Planta blomstrar kring april månad i skog og kratt. Ho er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen til fjells opp til 1300 m.

Kjelder

endre
  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.