Håvard Rem

norsk skribent

Håvard Rem (fødd 7. februar 1959 i Oslo) er ein norsk forfattar og lyrikar, busett i Oslo. Han er far til musikaren Simen Rem og forfattaren Oliver Lovrenski.

Håvard Rem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1959 (65 år)
Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar
Born Simen Rem, Oliver Lovrenski

Han debuterte allereie som 18-åring med Kall på heltene i 1977, og har så langt gjeve ut elleve diktsamlingar. Han har skrive ei rekkje biografiar, mellom anna om Bjarte Baasland, Erik Mykland, Aril Edvardsen, Tor Erling Staff og Hank von Helvete. Han har gjendikta Bob Dylan og Leonard Cohen, og har skrive eigne songtekstar for bruk av artistar og band som a-ha, Morten Harket, Kaizers Orchestra, Vamp, Jørn Hoel, Silje Nergaard og Ørkenkjøtt.

Saman med eldstesonen Simen utgjer han duoen REM & REM.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.