Hönne er ei elv nord i Sauerland i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Ruhr frå venstre. Ho har sitt utspring vest for Neuenrade i ei høgd 437 meter over havet. Etter 33 km munnar elva ut nær byen Fröndenberg. Det totale nedslagsfeltet til elva er 262 km².[1]

Hönne
elv
Hönne i Balve
Land Tyskland Tyskland
Nedslagsfelt 262 km²
Lengd 33 km
Kjelde Neuenrade
 - høgd 437 moh.
Munning Ruhr
Kart
Hönne
51°28′00″N 7°46′00″E / 51.466666666667°N 7.7666666666667°E / 51.466666666667; 7.7666666666667
Wikimedia Commons: Hönne

Verdt å merke seg er den smale dalen mellom Balve og Menden, der Hönne har grave ut eit 60 meter djup gjel i kalksteinen. Det ligg fleire grotter i dalen, der Balver Höhle og Reckenhöhle er opne for turistar. Når vassnivået i elva er lågt kan enkelte delar av ho verte heilt tørrlagt, sidan vatnet trenger ned i karstfjellet. Enkelte av sideelvane til Hönne vert òg stundom tørrlagde.

Grotter endre

Det har vorte danna fleire grotter langs Hönne. Den største ligg ved Balve, der ein har funne spor etter menneske, i tillegg til spor av kannibalisme.

Kjelder endre