Høgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er ein norsk statleg høgskule som vart oppretta i 2011 gjennom samanslåing av Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus på Kjeller. Høgskulen er den største i Noreg med 17 000 studentar og 1 800 tilsette.
Høgskolen i Oslo og Akershus | |
![]() Høgskolen i Oslo og Akershus, studiestad Pilestredet | |
Grunnlagt | 1. august 2011 |
---|---|
Type | Statleg høgskole |
Direktør | Curt Rice |
Stad | Oslo kommune, Kjeller |
Nettstad | http://www.hioa.no/ |
Erstattar | Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Akershus |
Erstatta av | Oslomet – storbyuniversitetet |
Historie endre
Styra ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus vedtok 9. desember 2010 å slå dei to institusjonane saman. Opprettinga av høgskolen vart vedtatt i statsråd 21. januar 2011. Den nye høgskulen blei offisielt opna 1. august same året.
I 2014 og 2016 vart dei tidlegare sjølvstendige statlege forskingsinstitutta Arbeidsforskningsinstituttet, Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Norsk institutt for by- og regionforskning og Statens institutt for forbruksforskning[1] slått saman med HIOA i ei eiga eining, Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA).
Plassering endre
HiOA har tre studiestader: Studiestad Pilestredet (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), studiestad Kjeller og studiestad Sandvika (Kunnskapssenteret i Sandvika).[2] I tillegg har høgskolen undervisningsstader i Sandefjord.
Studietilbod endre
Dei fleste av studietilboda ved høgskulen er profesjonsutdanningar. Høgskolen har halvårs- og årsstudiar, over 50 bachelorstudiar, 25 masterstudiar og ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg har HiOA tre doktorgradsprogram og eit førstelektorprogram.[3]
Organisering endre
Høgskolen har 4 fakultet med i alt 20 institutt.
- Fakultet for helsefag
- Institutt for atferdsvitskap
- Institutt for ergoterapi og ortopediingeniørfag
- Institutt for fysioterapi
- Institutt for Naturvitenskapelige helsefag
- Institutt for Sykepleie og helsefremmende arbeid
- Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier
- Institutt for førskolelærarutdanning
- Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning
- Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning
- Institutt for yrkesfaglærarutdanning
- Fakultet for samfunnsfag
- Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag
- Institutt for journalistikk og mediefag
- Institutt for offentleg administrasjon og velferdsfag
- Institutt for sosialfag
- Handelshøyskolen ved HiOA
- Fakultet for teknologi, kunst og design
- Institutt for bygg- og energiteknikk
- Institutt for estetiske fag
- Institutt for Maskin, elektronikk og kjemi
- Institutt for informasjonsteknologi
- Institutt for produktdesign
I tillegg har høgskolen eit senter for profesjonsstudiar.
Kjelder endre
- ↑ «Høgskolen i Oslo og Akershus og SIFO slår seg sammen». Regjeringen. 24. september 2015. Henta 18. desember 2015.
- ↑ Mer om HiOA, arkivert frå originalen 2. oktober 2011, henta 1. oktober 2011
- ↑ Mer om HiOA, arkivert frå originalen 2. oktober 2011, henta 1. oktober 2011
- «Mer om HiOA» Arkivert 2011-10-02 ved Wayback Machine., hioa.no
Bakgrunnsstoff endre
- Nettstaden til Høgskolen i Oslo og Akershus Arkivert 2011-10-03 ved Wayback Machine.