Høgskulen på Vestlandet

(Omdirigert frå Høgskolen på Vestlandet)

Høgskulen på Vestlandet (HVL[1]) er ein norsk statleg høgskule som blei oppretta 1. januar 2017 gjennom ei samanslåing av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund.[2] Skulen har fem studiestader – Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord – alle med utdanning på mastergradnivå.

Høgskulen på Vestlandet

Campus Kronstad
Grunnlagt1. januar 2017
TypeStatleg høgskule
StadBergen kommune
Org.nummer917641404
Nettstadhttps://www.hvl.no/
ErstattarHøgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund
Studiestad i Sogndal

HVL har ein av dei største lærarutdanningane i Noreg, og det eldste studieprogrammet - lærarutdanninga i Stord - har sine røter frå 1839. Det største campus er på Kronstad i Bergen.

Høgskulen har mål om å bli universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Han har styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet og tilsett rektor med sete i Bergen.

Skulen har ca. 16 000 studentar[3] og 1800 tilsette. Kvart år blir 2700 kandidatar uteksaminerte innen helse- og sosialfag, ingeniør- og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing.

Høgskulen på Vestlandet nyttar nynorsk som primærarbeidsspråk, sjølv om dette ikkje er eit krav for studentane.[4]

Den første og noverande rektoren på HVL er professor Berit Rokne. Arvid Hallén er styreleiar.[5]

Fakultet endre

HVL har fire fakultet:

  • Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
  • Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)[6]

I tillegg til studietilbodet er HVL også ein forskingsinstitusjon, med primære forskingsområde innan:

  • Helse, omsorg og velferd
  • Danning, kultur og samfunn
  • Teknologi, berekraft og samfunn

I 2018 har HVL søkt NOKUT om kreditering av to nye doktorgradsprogram. Frå før tilbyr skulen doktorgradsprogram innan datateknologi, nautiske operasjonar og studium av danning og didaktiske prosessar.[7]

Senter endre

Det eksisterer 10 forskingssenter ved Høgskulen. I tillegg finst det eit senter for nye medium.[8]

  • BARNkunne - Senter for barnehageforskning
  • Centre of Creativities, Arts and Science in Education
  • Maritimt kompetansesenter
  • Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling
  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
  • Senter for helseforskning
  • Senter for kunnskapsbasert praksis
  • Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon
  • Senter for omsorgsforskning vest
  • Senter for utdanningsforskning

Dykkarutdanning endre

Statens dykkerskole var ein offentleg dykkarskule etablert i 1980 for profesjonelle dykkarar, plassert i Gravdal, Bergen. I 2005 blei skulen innlemma i Høgskulen i Bergen, og i 2017 blei skulen såleis ein del av Høgskulen på Vestlandet.[9] Avdeling for dykkarutdanning ligg i Skålevik, cirka 15 kilometer frå Bergen sentrum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre