Opna hovudmenyen
Bogotá i Colombia ligg på eit over 2 600 meter høgt platå.

Platå (frå fransk plateau) er ei topografisk neming for eit jamnt, vidstrekt område som er høgare enn området rundt. Omgrepet blir vanlegvis brukt om høgsletter, altså høgland som er forma som platå, men kan også visa til isplatå, undersjøiske platå, vulkanske platå og liknande. Landformer knytt til platå er platåfjell, bordfjell og restfjell.

DømeEndra

Det tibetanske platået, også kjend som «verdas tak», er det største platået på jorda.[1] Det er skapt av kollisjonar mellom den indo-australske kontinentalplata og den eurasiske kontinentalplata.

Hardangervidda i Noreg er det største høgfjellsplatået i Europa.[2]

Annan bruk av ordetEndra

«Platå» kan også visa til ein tjukk skosåle som løfter foten til beraren frå underlaget, som i platåsko og andre typar sko.[3]

KjelderEndra

  1. Rasoul Sorkhabi1, Allison Macfarlane, Jay Quade, «“Roof of the Earth” Offers clues about how our planet was shaped», Eos, Transactions American Geophysical Union, Volume 77, Issue 40, pages 385–387, 1 October 1996 DOI: 10.1029/96EO00264
  2. Hardangervidda, snl.no; Hardangervidda nasjonalpark, naturarv.no
  3. Adéle Cappelen Blystad, «Til høsten er det sålen som gjelder» (2. mai 2013), kk.no; Tone Ruud Engen, «Ikke frykt stilettene med platå» (13. mai 2012), kk.no

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Platå