Hønefoss

by i Viken

Hønefoss er ein by og administrasjonssenteret i Ringerike kommune i Buskerud i Viken. Fram til 1964 var byen òg eigen kommune.

Hønefoss
By
Honefoss flyfoto3.jpg
Hønefoss sett frå fly. Til høgre i biletet flyt Randselva saman med Begna og dannar Storelva, like nedom Hønefossen og Hønefoss bru.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommune Ringerike
Areal 8,99 km²
Folketal 15 662 (2017)
Folketettleik 1 742 / km²
Postnummer 3501-3519 HØNEFOSS
Innbyggjarnamn hønefossing
Preposisjon i (bystatus) Hønefoss
Kart
Hønefoss
60°10′0″ N 10°18′0″ E
Wikimedia Commons: Hønefoss

Hønefoss er ein innlandsby og eit sentralt knutepunkt på Austlandet. Herfrå går mellom anna jarnbane til Bergen, Drammen og Oslo, og til Gjøvik via Roa. Gjennom Hønefoss gjekk dessutan stamvegen (E16) frå Sandvika til Vestlandet via Valdres, og Riksveg 7 til Vestlandet via Hallingdal og Riksveg 35 til Hokksund og Hadeland. Desse vegane går no i hovudsak utanom byensentrum, men Riksveg 35 går framleis gjennom Hønefoss.

Hønefoss fekk bystatus i 1852 og er i dag eit naturleg handelssentrum for follk i kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker. Byen ligg som det nordlegate punktet i ein triangel med Drammen i sør og Oslo i søraust.

Det er 15 662 innbyggjarar per 1. januar 2017 i det området som i dag definerast som byen Hønefoss. Dette området er mykje større enn den tidlegare bykommunen.

Kjende personar frå HønefossEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra


Andre nettstaderEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hønefoss