Høydalsmo kyrkje

Høydalsmo kyrkje er ei kyrkje i Høydalsmo og Lårdal sokn i Øvre Telemark prosti. Kyrkja høyrer til Tokke kyrkjeleg fellesråd. Ho vart vigsla i 1747.

Høydalsmo kyrkje
kyrkje
Høydalsmo kyrkje
Foto: Bohuslen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Høydalsmo og Lårdal
Fellesråd Tokke
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1747
 - Endringar Reparert i 1873
Tårn Bygd nytt i 1986
Klokker Ei klokke, frå 1849
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1873
Døypefont I tre, med messingfat frå 1709.
Altartavle Frå 1873, kopi etter Adolph Tidemand. Del av eldre tavle i koret.
Sitjeplassar 60[1]
Kart
Høydalsmo kyrkje
59°29′27″N 8°13′58″E / 59.49083333°N 8.23277778°E / 59.49083333; 8.23277778
Wikimedia Commons: Høydalsmo kirke

Kyrkja vart restaurert av Auver Auversson Flatland i 1873. Preikestolen og altartavla er frå det året. Altertavla har Jeseu oppstode til motiv og er ein kopi etter Adolph Tidemand si altertavle til Bragernes kyrkje i Drammen. Del av den gamle altertavla står også i koret. Kyrkja vart restaurert att i 1984.

I 1986 datt kyrkjeklokka ned. Klokka kom frå det utan å verte øydelagt, men då dei skulle hengje henne opp att fann dei att tårnet var ròte, og det laut difor byggjast nytt.

Ei stavkyrkje i bygda frå 1200-talet vart riven i 1785.

Fotnotar endre

  1. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Høydalsmo kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 482. ISBN 82-7527-022-7. 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre