Høylåven i Uvsløkkjaunet
Høylåven i Uvsløkkjaunet er ein bygning som inngår i samlingane til Rennebu bygdemuseum. Høylåven står ved E6 om lag 4-5 km nord for Berkåk sentrum. Etter oppfordring frå fylkeskonservator Jonas Gill Haanshuus vart han overteken av Rennebu historielag i 1975.
Låven stod til først på 1900-talet ved setra Aunet, men da vart han flytta ned til vegen av brørne Lars Halvorsen Stavnehagen og Even H. Nyhus. Låven var òg nytta til danselokale på byrjinga av 1900-talet.