Høyrespel er dramatikk laga ved hjelp av lyd, og er særleg blitt brukt i radio.[1]

Skodespelarar med manusark og utstyr for lydeffekter i eit radiostudio i Nederland i 1949.
Frå arbeidet med høyrespel for tysk undervisingsradio i Berlin hausten 1946. Lydbandopptaka med prøvesendinga av høyrespelet blir avsplt for deltakarane i regirommet.
Foto: Deutsches Bundesarchiv
Arbeid i mikse- eller kontrollrommet under ein høyrespelproduksjon i Berlin i 1946. Lydteknikarane legg på lydkulisser og -effektar.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Utgangspunktet er ein dramatisk tekst som kan vera spesialskriven for radiomediet eller tilrettelagd frå eit sceneskodespel. På grunnlag av denne teksten vil ein regissør og ein lyddesignar saman med skodespelarar spela inn replikkar og eventuelt lydeffektar. Deretter følgjer ein periode med redigering der det blir lagt til klangar, lydkulisser og spesialeffektar.

Høyrespel er dyr radio men billig dramatikk. Dei er enklare å produsere enn både teater og film. Høyrespelet kombinerer dei litterære kvalitetane til teateret med klippehastigheiten frå film. I tillegg har høyrespel-mediet moglegheiter som film og teater ikkje har, ikkje minst i utforskinga av parallelle tids- og røyndomslag.

I Noreg har særleg NRK Radioteatret produsert høyrespel.

Kjelder endre

  1. Larsen, Svend Erik Løken (17. oktober 2019). «hørespill». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

Norske høyrespel
Utanlandske høyrespel