Halldis Neegaard Østbye

norsk NS medlem
(Omdirigert frå H. N. Østbye)

Halldis Neegaard Østbye (fødd 3. mai 1896 i Stor-Elvdal, død 19. oktober 1983 i Oslo) var ein norsk forfattar, antisemitt og nasjonalsosialist. Østbye var før og delvis under andre verdskrigen framståande i Nasjonal Samling. Ho var også den første formannen i Damenes skiklubb og bidrog såleis til kvinneskisporten si utvikling i Noreg.

Halldis Neegaard Østbye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1896
Stor-Elvdal kommune
Død

13. oktober 1983 (87 år)
Asker

Yrke alpinist, politikar, organisasjonsarbeidar, skribent
Politisk parti Nasjonal Samling
Medlem av Kvinnehirden
Ektefelle Peter Østbye
Halldis Neegaard Østbye på Commons

Bakgrunn endre

Etter å ha fullført handelsgymnasium gjekk Østbye inn i arbeidslivet som kontordame. Frå 1924 til 1927 arbeidde ho som sekretær i finansbladet Økonomisk Revy.

Ho var aktiv i skiidretten og vart ein pådrivar for at kvinner fekk konkurrere. Etter eit opphald i Sveits vart ho interessert i alpinsport og søkte å fremme denne for kvinner i Noreg. I 1931 var ho mellom initiativtakarane til Damenes skiklubb.[1] Ho blei vald til foreningas første formann.[2]

Østbye gifta seg med skiprodusenten Peter Østbye.

Politikk endre

Før krigen endre

Østbye meldte seg i 1933 inn i Nasjonal Samling. Etter kort tid høyrte ho til den indre krinsen i partiet og ho vart partileiar Vidkun Quislings fortrulege.[1] I 1934 vart Østbye propagandaleiar i NS Kvinneorganisasjon. I 1935 blei ho utnemnd til leiar for presse- og propagandakontoret til NS i Oslo. Østbye skreiv i 1938 Jødeproblemet og dets løsning, dette under pseudonymet Irene Sverd. Det kom i ny utgåve i 1942 og igjen i 1943. Østby bidrog til å gjere Nasjonal Samling antisemittisk.[3]

Under krigen endre

Østbye var fram til 1940 sentral i partiet, men i det statsberende partiet under okkupasjonen fekk ho ingen sentral posisjon. I løpet av åra 1940–1942 vart Østbye fråtatt alle verv. Hun mista stillinga som redaktør i Fritt Folk, og vidare blei ho fråtatt vervet som leiar av Kvinnehirden. Gulbrand Lunde overtok i mai 1940 propagandaavdelinga. Om vinteren i 1944 kom Østbye tilbake i ein formell posisjon, då som leiar for det nyoppretta Antikommunistisk Institutt (AKI), som blei lagt under Kulturdepartementet. Østbye leia studiesirklar og heldt talar, og dei mange propagandaskriftene skreiv ho for det meste sjølv.

Østbye var aktiv som skribent. Ho skreiv Boken om Quisling, Englands stemme, Quislingsaken og sitatsamlinga Quisling har sagt i fire bind. Dessutan begynte ho på Nasjonal Samlings historie, som nådde å komme ut med eitt bind før krigen var slutt. I mars 1942 arrangerte ho òg ei antikommunistisk utstilling kalla «Bolsjevismen i praksis». Generelt synte ho ei brutal haldning til jødar.

Etter krigen endre

Østbye vart 15. mai 1945 tatt av heimestyrkar i Rendalen, der ho var på flukt saman med mannen sin og ein av pleiesønene.[4] I desember 1948 kom saka hennar opp for Oslo byrett.[5] Særleg merksemd blei retta mot brevet ho i oktober 1942 skreiv til Quisling om tiltak mot jødane i Noreg.[6] Ho blei 22. desember 1948 dømt til sju års tvangsarbeid for verv i partiet, utfall mot jødane og tilfelle av angiveri.[7][1]

Før ho vart kalla inn til soning, hadde ho skifta namn og reist utanlands med falsk pass.[1] Planen var å dra til Canada, men ho hamna via Tanger og Irland i Spania, der planane vart endra og familien drog heim til Noreg.[1] Ho blei tiltalt for å ha rømt med falsk pass og fekk fem månaders fengsel på vilkår.[8] Østby begynte så soning av landssvikdommen. Hun slapp ut av fengselet i 1953.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Halldis Nergård: «Skipioner og Quisling-beundrer», Ukeadressa, magasinbilag til Adresseavisen 29. juli 2011, s. 28–31.
  2. «"Damenes Skiklubb" stiftet igåraftes. Med 50 Oslo-damer som medlemmer. Fru Peter Østbye valgt til første formann», Aftenposten, kveldsnummeret 17. november 1931, s. 6.
  3. Hans Fredrik Dahl, Bernt Hagtvet og Guri Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen: Nasjonal Samling 1933–1945, Oslo: Pax, 1990, s. 72–73. «Antisemittismen, som fikk en drivende talsmann i den sentrale partiorganisasjonen gjennom Halldis Neegård Østbye, Walter Fürsts etterfølger som propagandaleder, slo ut i full blomst.» (s. 72), «Mer enn noen annen person i NS bidro fru Halldis Neegård Østbye (partiets propagandasjef) til å gi partiet preg av en rasistisk organisasjon.» (s. 73).
  4. «Peter Østbye og Haldis Neegaard-Østbye arrestert», Aftenposten, kveldsutgåva 16. mai 1945, s. 1.
  5. «Haldis Neegaard Østbye forlangte radikal og usentimental forfølgelse av jødene. Iherdig nazist-propagandist for retten i dag», Aftenposten, kveldsnummeret 20. desember 1948, s. 1.
  6. Brevet er tilgjengelig frå Telemark Museums nettutstilling om Vidkun Quisling Arkivert 2012-04-24 ved Wayback Machine., der det er tatt opp som del av tema jødehat/antisemittisme i Nasjonal Samling Arkivert 2008-06-18 ved Wayback Machine.. Brevet kan lesast her Arkivert 2007-10-13 ved Wayback Machine..
  7. «Haldis Neegaard Østbye dømt til 7 års tvangsarbeid», Aftenposten, morgonutgåva 23. desember 1948, s. 2.
  8. «Haldis Neegård Østby i byretten. Tiltalt for passforfalskning», Aftenposten, kveldsutgåva 4. november 1952, s. 2.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre