Hadith kudsi

Hadith kudsi er i islam ein underkategori av hadith-skriftene. Hadith kudsi vert sett på som Guds ord, gjentekne av Muhammed og nedteikna med ein isnad, ei rekkje av vitner for å stadfesta Muhammed si utsegn.

I motsetnad til versa i Koranen vert hadith kudsi ofte ikkje sett på som ein direkte bodskap frå Gud, men i staden som ein bodskap frå ein draum eller ei openberring som vart gjenteke med Muhammed sine eigne ord. Hadith kudsi har tradisjonelt ein høgare posisjon enn andre hadith-skrifter, men står under Koranen i autoritet.

BakgrunnsstoffEndra