Hafrsfjord

fjord i Rogaland

Hafrsfjord er ein fjord på Nord-Jæren i Rogaland. Fjorden ligg mellom Sola og Stavanger, og fungerer som ei grense mellom Sola kommune og Stavanger kommune. Fjorden er kjend for slaget i Hafrsfjord, som ifølgje sogene samla Noreg til eitt rike.

Hafrsfjord
fjord
Land  Noreg
Kart
Hafrsfjord
58°58′00″N 5°35′00″E / 58.96666667°N 5.58333333°E / 58.96666667; 5.58333333
Wikimedia Commons: Hafrsfjorden

Namn endre

Hafrsfjord har fem konsonantar etter kvarandre, «frsfj». Det kan vere at Hafrsfjord er det stadnamnet i Noreg og som har flest konsonantar etter kvarandre.

Den nedervde namneforma er Haffjord, og Hafrsfjord er oppatt-teke frå norrønt Hafrsfjǫrðr. Stadnamnet er samansett av orda hafr (‘geitebukk’) og fjǫrðr (‘fjord’).[1] På moderne norsk kan Hafrsfjord derfor tyda «Bukkefjord».

Truleg kjem namnet av at ein samanlikna horna til geitebukkar med eit farleg skjer i fjordmunningen.[1]

Historie endre

På Hestnes, i den smale delen av fjorden, ligg Fluberget, som er det største helleristingsfeltet i Sør-Rogaland.

Ved slaget i Hafrsfjord, som fann stad omkring 872, samla Harald Hårfagre Noreg til eitt rike. Det vart reist eit monument for slaget og samlinga av Noreg kalla «Sverd i fjell» av Fritz Røed i 1983. Monumentet står heilt nord i den indre delen av fjorden. Haraldskvedet tek føre seg slaget i Hafrsfjord.

Skildring endre

 
Satellittbilete av Stavanger-halvøya som viser Hafrsfjord, med hammer-form, til venstre. Fjorden til høgre er Gandsfjorden.
Foto: NASA WorldWind

Fjorden har innløp mellom Smiodden ved Kvernevik i nord og Fjørnesholmane i sør og strekker seg 9 km sørvestover. Den første halvdelen av fjorden er smal og ligg mellom Kvernavik og Madla i nord og aust og Tananger i sør og vest. Mellom Kvernevik og Tananger går Hafrsfjord bru over fjorden. Brua er om lag 500 meter lang, men går over Prestaskjær som ligg midt i fjorden.

Etter at fjorden har passert Madlasandnes i nord og Hagøya i sør opnar fjorden seg opp og strekker seg her 3,5 km sørover til Stavanger lufthamn, Sola og 2 km nordvestover til Madlamark og Madlamoen. Denne indre delen av Hafrsfjord er om lag 5 km frå nord til sør. På austsida av denne indre delen ligg Forus, Jåttå og Sørnes. I sørenden av fjorden ligg sjølve Sola og flyplassen.

Geografisk eining endre

Hafrsfjord er òg eit delområde i Madla bydel i Stavanger kommune. Området har eit areal på 5,78 km² i 2005 hadde det 4003 innbyggjarar. Hafrsfjord er igjen inndelt i 8 grunnkretsar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hafrsfjord