Hag's Head

(Omdirigert frå Hags Head)

Hag's Head eller Hags Head er ein odde[1] som dannar det sørlegaste punktet av Moher-klippene i County ClareIrland. Klippene dannar ein formasjon som liknar eit kvinnehovud som ser utover sjøen. Staden er eit godt utsiktspunkt for å sjå klippene, og dannar eine enden av turruta Cliffs of Moher Coastal Trail.[2]

Utsyn over Hag's Head
Steinformasjon på Hag's Head

Namn endre

Ei irsk soge fortel at ei gammal kone eller sjøheks, Mal of Malbay, blei forelska i den irske helten Cú Chulainn, og jaga han over heile Irland. Cú Chulainn flykta ved å hoppa over staurar som om dei var vadesteinar. Mal mista fotfestet, og blei slått mot klippa.[3]

Skildring endre

Ein tårnruin kjend som Moher Tower står på Hag's Head. Fram til tidleg på 1800-talet var det også eit festningsverk her kjend som Mothar eller Moher. Hag's Head omfattar også ein naturleg steinboge.[4]:28–9

Kjelder endre

  1. Best, James L.; Wignall, Paul B. (26. april 2016), A Field Guide to the Carboniferous Sediments of the Shannon Basin, Western Ireland (på engelsk), John Wiley & Sons, ISBN 978-1-119-25715-8, henta 10. juni 2020 
  2. «Cliffs of Moher Coastal Walk- Walking the Cliffs of Moher from Hags Head», Travel? Yes Please! (på engelsk), 13. mai 2018, henta 10. juni 2020 
  3. «Legend of Hags Head, Cliffs of Moher», Cliffs of Moher Cruises (på engelsk), 29. juni 2015, henta 10. juni 2020 
  4. Roche, D. The Clare Guide - Official Irish Tourist Board Guide. Bord Failte. 

52°56′10″N 9°28′15″W / 52.93611°N 9.47083°W / 52.93611; -9.47083