Haiar

(Omdirigert frå Hai)
Haiar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Underklasse: Euselachii
Infraklasse: Neoselachii
Overorden: Haiar Selachimorpha
Nelson, 1994
Ordenar

Haiar eller håar (Selachimorpha) er ei parafyletisk gruppe bruskfisk med bruskskjelett og i regelen straumlinjeforma kropp. Det finst åtte ordenar hai, i norske farvatn finst tre av dei. Det tradisjonelle norske namnet på hai er , men håar vert no mykje nytta om ein særskild orden haiar.

Skildring endre

Haiane er ei stor og variert gruppe fisk som har det til felles at dei har skjelett i brusk, pustar med fem-sju gjelleopningar og har hardt, sandpapiraktig skinn. Det er vanskeleg å definera trekk som er felles for heile gruppa utan å ta med trekk som òg gjeld for skatene; evolusjonshistorisk sett høyrer desse nemleg til i gruppa. Døme på definerande trekk for gruppa Elasmobranchii omfattar mellom anna spirakulum (ei rund pusteopning i tillegg til gjellene), såkalla Lorenzini-ampullar (elektriske reseptorar i snutepartiet) og at gjellespaltane manglar lok.

Det finst artar i alle storleikar, frå pygmehaien Euprotomicrus bispinatus på 22 cm til kvalhaien (Rhincodon typus), som kan bli godt over 15 meter i lengd.

Haien og mennesket endre

Haiane har eit særs dårleg rykte som nokre av dei mest blodtyrste dyra i havet. Dette er, som så mange andre rykte, overdrive; det finst berre ein ti-tjue av over 360 artane som er i stand til og interessert i å gå til åtak på menneske. Store tropiske haiar som kvithaien (Carcharodon carcharias) og tigerhaien (Galeocerdo cuvier) må ein likevel passa seg for.

I Noreg har haiar aldri vore særleg viktige i fiske, men elles i verda vert mange haiar jakta på både for huda, finnane og kjøtet. Dei er òg populære mellom sportsfiskarar. Ein reknar med at 100 millionar haiar vert drepne av menneske årleg på verdsbasis.

Systematikk og norske artar endre

 
Brugda er den nest største haiarten i verda med sine opptil 13 meter

Haiane utgjer inga monofyletisk gruppe, men er ei samlekjenning for dei fleste artane i gruppa Elasmobranchii. Denne gruppa er den største gruppa nolevande bruskfisk, og har havmus som systergruppe. Ein deler elasmobranchiane vidare i to hovudgrupper: Galea omfattar 279 artar i fire ordenar der alle har gattfinne, medan Squalea manglar denne finnen og omfattar 658 artar i ti ordenar. Det er her skatane høyrer til. Av praktiske årsaker er skatene tekne med i systematikken nedanfor.

I Noreg finst 18 artar hai, men 10 vert berre rekna som gjester. Dei fordeler seg på fire ordenar og ni familiar. I tillegg høyrer det til 14 artar skate, mellom dei norske elasmobranchiane.

Bakgrunnsstoff endre

  • Bergstad, Odd Aksel: «Haier», s. 17-31 i Norges dyr - fiskene 2, Cappellen 1992.
  • Bergstad, Odd Aksel: «Skater», s. 32-42 i Norges dyr - fiskene 2, Cappellen 1992.
  • Byrkjedal, Ingvar: «Forelesningsnotatar i BIO280 Fiskebiologi: Systematikk og anatomi.» Universitetet i Bergen, 2008