Haicheng i Guangxi

Haicheng 海城市 er ein by og eit byfylke i byprefekturet Anshan aust i provinsen Liaoning i det nordlege Kina. Folketalet i byfylket var på 1,09 millionar i 1999.[treng kjelde]

Jordskjelvet i Haicheng 1975 endre

Den 4. februar 1975 vart Haicheng ramma av eit jordskjelv på 7,0 i momentmagnitude (eller 7,3 på Richtersskalaen). Byen hadde då rundt éin million innbyggarar. I følgje dei kinesiske styresmaktene hadde seismologar sendt ut åtvaringar om jordskjelvsfaren ein dag i førevegen, og det vart gjeve ordre om evakuering av byen. At dyr oppførte seg uvanleg medverka til at evakueringsordren i stor grad vart følgd, og evakueringa var fullført fem og ein halv time før jordskjelvet kom.